Firda og dispensasjon i strandsona

Korssundet.

Korssundet. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarI leiaren i Firda 28. august har redaktøren klåre meiningar om bygging i strandsona og korleis Fylkesmannen praktiserer regelverket. Utgangspunktet til redaktøren er ein konkret søknad om dispensasjon frå kommuneplanen og byggjeforbodet langs sjøen til å dele frå ei bustadtomt i Korssundet i Fjaler.

Redaktøren meiner at lovverket gir store opningar for skjønn og dispensasjonar. Dette er ikkje rett.  Då plan- og bygningslova vart revidert i 2008, vart reglane om dispensasjon frå arealplanar inn¬stramma og skjønnsrommet til kommunane snevra inn. Bakgrunnen for at lovgjevar – altså Stortinget –  gjorde ei slik innstramming, er at omsyna til offentlegheit, samråd og medverknad best vert ivaretekne gjennom kommuneplanar og reguleringsplanar. Slike planar har vortne til gjennom omfattande avgjerdsprosessar og er vedtekne av kommunestyret som er kommunen sitt øvste folkevalde organ. Dette er lokaldemokrati i praksis. Det er uheldig dersom dispensasjonar undergrev kommuneplanen som overordna styringsdokument i arealforvaltninga, og lovgjevar har såleis lagt opp til at det ikkje skal vere kurant å fråvike slike planar.

Det er likevel rett, som redaktøren peikar på, at eigne nasjonale retningsliner for strandsona opnar opp for noko meir utbygging i Sogn og Fjordane, spesielt til næringsliv som turisme og fiskeri. Dette må i så fall skje gjennom kommuneplan eller reguleringsplan, og ikkje som dispensasjon. Retningslinene for strandsona opnar ikkje for at det skal vere enklare å få dispensasjon til å byggje i strandsona i Sogn og Fjordane.

I den omtalte saka hadde miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane plan- og miljøfaglege merknader, og vi rådde klårt frå å gje dispensasjon. Etter at  formannskapet likevel gav dispensasjon, klaga vi på dette vedtaket.

Tomta ligg om lag 20 meter frå sjøen. I tillegg må det byggjast ein nærare 100 meter lang veg til bustadtomta. Vi meiner at søknaden om frådeling vil vere i klar strid med reglane i plan- og bygningslova, mellom anna det generelle byggjeforbodet i 100 metersbeltet mot sjøen, og at dei strenge vilkåra for å kunne gje dispensasjon ikkje er oppfylte.

Dersom Fjaler kommune held fast på vedtaket sitt, vil dispensasjonssaka bli avgjort av ein setjefylkesmann.

Nils Erling Yndesdal

Nils Erling Yndesdal Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags