Demokrati eller demokratur?

Av
DEL

Lesarbrev 

Vi rosar oss av Noreg er eit demokrati. Er det slik, eller?
Wikipedia skildrar DEMOKRATUR slik:
«I et demokratur råder allmenne og frie valg, meningsfrihet rår formelt, men politikken og massemedia blir dominert av en antidemokratisk maktelite som bare er villige til å slippe visse meningsytringer fram.
Konsekvensen er at borgerne lever i en illusjon om at de formidles ei allsidig og objektiv framstilling av virkeligheten.
Undertrykkelsen av meninger er godt skjult, og den frie debatten kveles. Det skal også legges til at det hører med i definisjonen på et demokratur at flertallet av menneskene i et slikt samfunn ikke sjøl oppfatter at de lever i et demokratur.»

Så langt Wikipedia.

I årevis var eg fast spaltist for lokalaviser, og det var aldri snakk om sensurering av meiningane mine.
Men så vart lokalavisene kjøpte opp av visse mediekonsern som påla redaktørane visse retningslinjer, og så opplevde eg at eine lokalavisa etter den andre ikkje ville trykke innlegga mine slik dei var forma.

Firda var siste vona mi, og lenge fekk eg kome til orde der, men er det slik no lenger?
Om vi lever i eit demokrati, burde frie meiningsytringar under fullt namn vere ein sjølvsagd ting.
Om vi lever i eit demokratur, blir dei frie meiningane kvelt, og einsrettinga i full utvikling.
 

Er tida komen då vi må reise oss og krevje attende dei demokratiske rettane vi hadde inntil for 10–15 år sidan?
Massemedia fostrar frustrerte fridomselskande nordmenn som kan søkje uønskte måtar å reagere på når kanalane blir sensurerte. Lat oss hegne om demokratiet i si opphavlege form, for misser vi våre demokratiske rettar, kan lovløysa bli meir og meir vanleg.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags