Då har eg fått  nok

Av
DEL

Meiningar

I over 30 år har eg hatt gleda av å kunne presentere mine meiningar om mangt og mykje i Firda. Men gleda har vorte redusert i den seinare tid. Dei siste åra har vel ikkje eit einaste innlegg gått gjennom «nålauget» utan at noko er justert, eller stroke. Til og med på ein applaus eg sende i fjor, var eit ord stroke. Dette er teikn på ein herskarkultur, og å vise forakt for andre sine meiningar. Eg har lagt dette fram for Pressens Faglege Utval (PFU), og bedt om ei vurdering av denne praksisen. Dei svarar på generelt grunnlag at ein redaktør har ein viss redigeringsrett, men at det kan vere brot på god presseskikk å setje redigerte innlegg på trykk.

Og no har det toppa seg, ved at ingen av dei 3 innlegga eg har sendt til Firda i år, har kome i avisa.

Først var det eit brev som eg sende til Justisdepartementet, der eg tok opp at grov uprovosert vald som hadde ført til at offer vart 100 % uføre på livstid, vart straffa med berre 4–5 års fengsel. Elles om straff for vald generelt. Straffene er eit hån mot offera for ugjerningane.

Så var det om det store tankekorset at vi vanlege menneske møtes til fredeleg kappestrid på idrettsanlegg rundt om i verda, medan våre leiarar brukar krefter og ressursar på å produsere våpen som dei kan utslette kvarandre med.

Det siste var om det eg fryktar er ei «verds historiejustering.» Med utgangspunkt i at Hyllestad kommune løyvde 225.000 kroner til skuleturar til Polen, viser eg til at ungdommane vert grundig informerte om den nazistiske jødeutryddinga av 6 millionar menneske, medan kommunistane sine ugjerningar i nabolandet Russland, som tok livet av minst 60 millionar i dei forferdelege Gulag-leirane, og totalt på verdsbasis godt over 100 millionar. Kvifor skal ikkje ungdommen få vite om dette? Kvifor skal dette «viskast vekk», også av Firda, i ei tid då den raude framgangen i Norge er skremmande stor?

Eg etterlyste grunngjeving for Firda sine avgjerder, og fekk til svar at dei la vekt på kvalitet, aktualitet og helst tilknyting til Sunnfjord. Ja ja, kvaliteten skal ikkje eg uttale meg om, men dersom Firda ikkje innser at alle dei tre sakne også er aktuelle for oss, så er noko hakkande gale med deira vurderingsevne. Er ikkje vi ein del av den store verda? Vi er inne i ei tid då venstresida i samfunnet prøver å kneble motstandarane sine, ved å gjere ytringsfridommen og fakta til ei form for einvegskøyring. Er demokratiet i ferd med å smuldre opp? Gjeld det ikkje for alle? Eg har forstått det slik at Firda får svært mange lesarinnlegg. Då vil eg anbefale at dei kuttar ut det store bildet som kvar dag kjem ved eit av innlegga, og heller let fleire komme til orde.

Eg vil takke alle som har komme med positive kommentarar om innlegga mine. Det har vore ein stor inspirasjon, og gitt lyst og grunnlag til å delta i samfunnsdebatten. Men no er det slutt. Eg orkar ikkje å bruke tid og krefter på noko som berre hamnar i bossdunken hos Firda.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags