Med skulebenken heime

EIN ENDE: Alt i alt, så trur eg denne tida vil møte sin ende ein gong. Med ein normal skulegang, der ein igjen kan vere i lag med sine vener og medelevar, skriv artikkelforfattaren.

EIN ENDE: Alt i alt, så trur eg denne tida vil møte sin ende ein gong. Med ein normal skulegang, der ein igjen kan vere i lag med sine vener og medelevar, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

No i desse tider, så er det mange som meg, som sit og skriv inn til Firda om desse koronatider. Mange har og undervisning heime. I staden for klasserom, så fyllast stover og rom opp av datamaskiner, skrive- og skulebøker i både engelsk, historie og sosialkunnskap. Det blir ei spennande oppleving for oss i vidaregåande, spesielt sidan skriftleg eksamen blir avlyst. Russetida ser ut til å lide same skjebne.

Denne tida har styrka min overtyding om at det å starte på internatskule er eit val ungdomsskuleelevar bør prøve. Det er nok mange elevar som no er tvunge å opphalde seg fleire timar enn normalt med foreldre og søsken. Mange vil nok vere einige i at det å gå på nervane til kvarandre, er noko søsken er meir enn gode på. Desse koronatider gjev gode moglegheiter for det. I tillegg til at nokon beveger seg så vidt utanfor området ein bur på, så blir eg nok ikkje overraska om brakkesjuke snik seg innpå.

Som internatskuleelev, så er eg nok av dei elevane som kan ha det litt vanskelegare enn vidaregåandeelevar generelt. Mine medelevar og eg blir sende heim for å bu hos våre biologiske familiar, medan «internatfamilien» løyser seg opp. Eg ser ikkje bort frå at vidaregåandeelevar som ikkje er på internatskular, ikkje følar det slik. Vi internatskuleelevar går ikkje berre på skule saman, vi lever saman som ein stor familie, så vi har naturlegvis tettare band.

Trass i den kritikken som blir retta mot hytteforbodet til styresmaktene, så har regjeringa komme med gode tiltak. Visstnok så vil Erna si regjering prøve å styre skuta utan noko samlingsregjering, men det kan hende at dei trur krisa ikkje er av den typen som skulle krevje det. Likevel blir omfattande tiltak lagt fram av ei regjering utan stor støtte i folket. Utanom undervising, så ligg uroa mi spesielt på arbeidstilbodet. Dette gjeld i hovudsak for dei som blir ferdig med utdanninga si dette året, men og for elevar som meg, som ser seg etter arbeid i feriane.

Alt i alt, så trur eg denne tida vil møte sin ende ein gong. Med ein normal skulegang, der ein igjen kan vere i lag med sine vener og medelevar. Med eit håp om arbeid og utdanning. I mellomtida, så må vi følge tiltaka, halde oss heime, halde grensene stengde, stå i solidaritet med landets svakaste, og hjelpe våre nabofolk så mykje vi kan yte.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags