NHO ved Jan Atle Stang har eit logisk poeng i sitt innlegg før jul om å bli kvitt utsleppa av klimagassar: Skal vi halde fram med dagens høge energibruk, for ikkje å snakke om å halde fram å auke energibruken, treng verda meir sjeldne mineral og grunnstoff til dei avanserte formene for fornybar energi og batteri. Men kva om gruvedrift etter sjeldne metall øydelegg livsmiljøet på andre måtar enn eit villare klima gjer, med store utslepp og inngrep?

I ein rapport frå 2010 konkluderer Norges Geologiske Undersøkelser (NGU) at i norske lausmassar og fast fjell finst kjende mineralressursar til ein potensiell verdi av meir enn 1500 milliardar kroner - eller om lag 20% av dagens verdi på oljefondet. Dette er eit stort tal, men usikkert. Prisane på mineral har historisk hatt lange periodar på låge nivå, med nokre kortvarige toppar. Stang ser føre seg både økonomisk vekst av gruvedrift og samstundes mindre klimapåkjenningar. Historia har vist den motsette samanhengen – veksten har på ulike måtar overforbrukt naturen.

Mange av dei største kjeldene til alvorlige ureiningsproblem i Noreg er nedlagde gruver. Regjeringa satsar på å dumpe restmassane i norske fjordar, utan sakleg dekning for at skadane vert små. Det vil bli ei stor utfordring å handtere dei miljøproblema som ei ny satsing på gruvedrift i Noreg kan medføre, sjølv om utvinninga skulle bli langt mindre enn potensialet NGU-rapporten fortel om.

Langt meir framtidsretta alternativ enn å grave etter meir, er det å arbeide for meir effektiv gjenvinning av materiala («urban mining») og å utvikle meir varige forbruks- og investeringsvarer. Gruvedrift er jakt på avgrensa gode. Dei varer kortare di meir vi tek ut kvart år. Dei fleste gruvene i verda er av den grunn nedlagde.

Det som driv denne mineralhungeren er trua på at vi kan føre vidare global økonomisk vekst utan omfemnande skadar på naturen. På 1970-tallet tapte miljørørsla debatten om økonomisk vekst og miljø, medan dei som hevda at det var mogeleg å kople økonomisk vekst og miljøøydeleggingar frå kvarandre, vann debatten. Men den «berekraftige» veksten har ingen vore i stand til å påvise. Forbruket av materialar som jarn, aluminium og sement har auka meir enn det globale økonomiske bruttoproduktet dei siste 30 åra, og utsleppa av klimagassar stig på linje med dei verste scenaria frå FNs klimapanel. Ideen om alternativ til stadig økonomisk vekst har lege brakk i den norske debatten dei siste tiåra, medan ein elles i Europa har teke han opp igjen under nemninga «de-growth». Bodskapen er ikkje å skape ny vekst, men heller å dra nytte av at stans i den økonomiske veksten er bra for miljøet, og så arbeide for å rette opp den sterkt aukande økonomiske skeivfordelinga.

Miljøpartiet Dei Grøne meiner dette er den einaste vegen å gå; å ta inn over oss at nok er nok, og at verda nå må sette tæring etter næring. Det er ingen løysing på klimaproblemet å skape nye og store skadar på naturen for å holde kunstig i live ein galopperande økonomisk vekst. No må verda, Noreg og Sogn og Fjordane slå på bremsene og byggje eit samfunn som resirkulerer ressursane. Her har vårt fylke mykje å by fram; å vere nøysam har framleis ein positiv klang. Mange ser at jorda i lengda ikkje toler vår måte å leve på. Jan Atle Stang og NHO byr oss det motsette av ei berekraftig framtid.