Matjorda treng allierte

MATJORD: Sigrid Moltumyr skriv at ho er sjokkert over sine politikarkolleager i måten dei ser bort frå matjord når areal skal disponerast.

MATJORD: Sigrid Moltumyr skriv at ho er sjokkert over sine politikarkolleager i måten dei ser bort frå matjord når areal skal disponerast. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet skremmer meg kor lite politikarane i Fjaler bryr seg om matjorda. Gang på gang, tapar den, heilt utan samvit.

Kun 3 prosent av det norske landarealet er dyrkbart, og berre 1 prosent er det mogleg og dyrke korn på. Det er rekordlågt, og det burde uroe oss. Det er brei politisk konsensus om at den rekordlåge sjølvbergingsgraden til Noreg må aukast. Det er dessverre slik at det ikkje er mogleg, utan å ta kampen for å bevare den vesle matjorda vi har att i Noreg. Det er ved bruk av den vi kan bli meir sjølvforsynte og bli mindre avhengig av import. Kampen må takast lokalt, i kvar kommune rundt om i landet. Kampen må takast i Fjaler.

Etter snart eit år gått som folkevald i Fjaler er eg sjokkert over kor lett omtanken til attraktive bustadtomter og auke i folketal vinn over bevaring av matjorda. Det gir meg følelsen av at tankegangen er at eit lite område her og der ikkje skadar, men det gjer det! Det er akkurat det som har gjort til at både jordbruksareal og strandsoner i landet har blitt sterkt redusert. Kommunane tar ikkje ansvar medan dei forlanger at andre skal gjere det. Slik kan vi ikkje halde på. Ein skyldar dei kommande generasjonane meir enn ei forteljing om uvisse og ein beklaging. Som folkevalde har vi eit ansvar for å handle til kommunen og innbyggjaranes beste. Innbyggjaranes beste er ikkje ei større befolkning, men ei jord som kan ein kan hauste mat av. Når matjord blir øydelagt, er den øydelagt for alltid.

Gjennom reguleringsplanar, by- og bygdeutvikling og kjøp og sal av tomter, må omsynet til matjord vege tyngst. Ein kan ikkje nok ein gang inngå kompromiss med matjord.

Matjorda er ein del av naturen, og naturen kan ikkje snakke. Den kan ikkje seie at den er hysterisk over vedtak som blir gjort. Den kan ikkje spreie kunnskap om kvifor den er viktig – det er det opp til menneska å ta seg av. Matjorda treng allierte som står opp for den, nok til at slike vedtak som referert til, ikkje skjer.

Med ein stadig aukande befolkning, med klimaendringar att på til, er vi avhengig av den matjorda vi har. Vi må ta kampen for alle dei som kjem etter oss. Å kaste vekk den vesle matjorda vi har att på grunn av ynskje om folkevekst, er å gjere feil utan moglegheit for beklaging.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags