Usmakeleg!

MATTRADISJON: Ferske smakar held i hevd lokale mattradisjonar som fylket bør vere meir enn stolt og takksam for, skriv Randi Førsund.

MATTRADISJON: Ferske smakar held i hevd lokale mattradisjonar som fylket bør vere meir enn stolt og takksam for, skriv Randi Førsund. Foto:

Av
DEL

MeiningarSogn og Fjordane har i årevis ropt utover framsidene på avisene sine om fråflytting og fråvær av yngre som kjem heim for å byggje framtida i fjordfylket. Så kjem det driftige og drivandes dyktige hardtarbeidande folk og gjer nettopp det. Så går det ikkje likevel.

Korleis skal det gå med Førde i Vestland når ikkje ein gong ein suksess som kafeen Ferske Smakar med lokalt særpreg får leve? Er det noko journalistar med røter i dette fylket har ropt høgt utover andre aviser her i landet er det kor dårleg det står til med matserveringa i matfylket Sogn og Fjordane. Det skal noko til å få hand om god servering på ferda gjennom verdas vakraste reisemål. Så maktar ein ikkje å sette seg ned saman med denne flotte gjengen bak Ferske Smakar for å finne ei betre løysing enn å leggje ned noko Førde treng meir enn noko anna. Ein flott serveringsstad med moderne meny blanda med det erkesunnfjordske som treff alle aldersgrupper og lyt vere eit spennande alternativ for turistar som ikkje jaktar menyane dei finn overalt elles i verda?

Viss Førde skal markere seg på noko vis, lyt byen klare noko så grunnleggjande som å ha mat på bordet når folk kjem og går. Enten det er fastbuande eller besøkande. Verda er i endring, til og med trauste fjordingar og sogningar eter meir ute enn før. Kva om Førde kommune eller Sunnfjord Næringsutvikling kunne hjelpe til med meir sentrale lokale for Ferske Smakar? Det må vere ein alarmerande systemsvikt når lokale fagfolk kjem heim og gir oss tenester fastbuande og besøkande i høgste grad treng, lyt legge ned? Kva om desse heller slo eg ned i Oslo? Er det eit framtidsretta mål for reiselivet og handelsnæringa i Sunnfjord?

Ferske smakar held i hevd lokale mattradisjonar som fylket bør vere meir enn stolt og takksam for. Verda er full av smaklause og identitetslause serveringsstader mellom Bergen og Ålesund. Om Førde har ambisjonar om å vere anna enn staden vi køyrer forbi på veg til Ålesund, gje Ferske Smakar den flotte lokaliseringa dei fortener. Så kan dei halde fram med den fantastiske jobben dei gjer både innan mat- og kulturfaget som og set Sogn og Fjordane og identitet på menyen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags