Må verdfulle trivsel- og miljøområde vike for Førdepakken?

Fest-/utstillingsplassen og området rundt Førdehuset er verdfulle område for «folk flest», og kan no gå tapt for all framtid, skriv Tor Opseth.

Fest-/utstillingsplassen og området rundt Førdehuset er verdfulle område for «folk flest», og kan no gå tapt for all framtid, skriv Tor Opseth. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Tidlegare debattinnlegg om nye vegar og bruer i Førde sentrum har engasjert mange, og det er fleire politikarar som har vist sin skepsis til enkelte av tiltak som no er under planlegging. Det er også fremja forslag om revisjon av Førdepakken, spesielt ut frå budsjettmessige overskridingar som vil påføre kommunen økonomiske konsekvensar.

Fest-/utstillingsplassen, området rundt Førdehuset, natur/våtmarksområde er truga av Førdepakken. Dette er svært verdfulle område for «folk flest», og kan no gå tapt for all framtid. Som det kjem fram i fleire tidlegare debattinnlegg er det trivsel og miljøomsynet ein ber om blir ivareteke. Kvar tenkjer ein seg at ein kan etablere tilsvarande trivselsområde i sentrum?

Førdepakken byggjer på trafikkplanen, vedtatt 2013, der står m.a.: «Det er ikkje gjennomført Ros-analysar i denne tematiske kommunedelplanen, men ein føreset at dette vert handsama i samsvar med plan- og bygningslova i seinare planfasar.

ROS-/og konsekvensanalysar for trafikk gjennom etablerte trivselsområde er vanskeleg å sjå er vurdert, og heller ikkje seinare detaljregulering for dei enkelte tiltaka. Totalomsynet for trivsel- og miljøområde skulle vore mykje betre greia ut i trafikkplanen/Førdepakken.

Det er ikkje for seint, og må støtte meg til politikaren som uttalte «at det er ikkje for seint å tenkje nytt», men er det politisk vilje til det?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken