Lutelandet sitt naturmangfald er vesentleg!

Lutelandet sitt naturmangfald er truga. Difor vil Mark Taylor i MDG oppheve dispensasjonsvedtaket for Lutelandet vindkraftverk.

Lutelandet sitt naturmangfald er truga. Difor vil Mark Taylor i MDG oppheve dispensasjonsvedtaket for Lutelandet vindkraftverk. Foto:

Av
DEL

Debatt

Du, som alle andre menneske, er avhengig av eit berekraftig naturmangfald med eit rikt artsmangfald for å kunne overleve på jorda.

FN seier at naturmangfald er livsgrunnlaget vårt på planeten, men mangfaldet er trua. Kvar gong ein art døyr ut som følgje av menneskeleg aktivitet, er det som å gamble om at økosystemet vil overleve. Vi veit ikkje kor mykje av naturmangfaldet som kan bli forstyrra eller utrydda, før økosystem og livsgrunnlaget vårt kollapsar.

Dessverre har fleirtalet i formannskapet i Fjaler gambla med livsgrunnlaget vårt og moglegheita for framtidige generasjonar å dekkje sine behov. Dei avviste klagen frå 19 grunneigarar og naboar til Lutelandet vindkraftverk med grunngjevinga at dei ikkje kan sjå at å auke den maksimale rotordiameteren på vingane til turbinane frå 135 m til 150 m er vesentleg. Dette tross i at både Fylkesmannen og kommunedirektøren har konkludert at ein 20 prosent auke i sveipeareal tilsvarande 33,4 dekar er vesentleg.

Det auka sveipearealet medfører ein vesentleg auka risiko for kollisjon for raudlista artar som hubro, sivspurv og svartstrupe, samt for millionar av trekkfuglar. Sjansen for å overleve flyturen gjennom det planlagde vindkraftverket er betydeleg mindre. Og verst er det for hubroen. Større rotordiameter medfører at vingane sveiper lågare, berre 30 m over bakken, i luftrommet der den sterkt trua raudlista arten hubroen flyr. Det er vesentleg å utrydde eit av berre fem hekkande par hubro i Sogn og Fjordane, ein art som har hatt 20 prosent reduksjon dei siste fem åra og held på å døy ut.

Den ti år gamle konsekvensutgreiinga for naturmangfaldet er utdatert og svært mangelfullt, og er utgreidd for rotordiameteralternativ 82m og 127 m, ikkje 150 m. Dette er klart i strid med forvaltningsmåla i naturmangfaldlova §§ 4 og 5. Føre-var prinsippet burde åleine ha vore nok til å undersøkje konsekvensane auka rotordiameter ville ha, før fleirtalet i formannskapet gav dispensasjonen i mars, men Ap, H, Sp og SV stemte ned eit framlegg frå MDG om å undersøkje med fugleradar.

Fleirtalet ville ikkje at kunnskapsgrunnlaget og konsekvensane av dei omsøkte endringane verte undersøkt på forsvarleg vis, i tråd med naturmangfaldlova § 8 som seier at «Offentlige beslutninger som berører naturmangfoldet skal så langt det er rimelig bygge på vitenskapelig kunnskap om arters bestandssituasjon, naturtypers utbredelse og økologiske tilstand, samt effekten av påvirkninger.»

I tillegget har fleirtalet avvist ein annan del av klagen som gjeld mangelfullt kunnskap om marint biologisk mangfald der dispensasjon er gitt for utfylling i sjø med 2425 m3 massar i grunne område. Slike område er generelt viktige for biologisk produksjon og mangfald, og fungerer ofte som beiteområde for fisk og fugl. Det er også ein stor tareskogføreskomst langs denne sida av Lutelandet, ein naturtypelokaliteten som er verdisett til «svært viktig», og området er registrert som eit gytefelt for sei og hyse, men det er alt vi veit om naturmangfaldet i sjøen her. Det trengs meir kunnskap om naturmangfaldet før ein dumper massar i sjøen som vil drepe dyre- og plantelivet og skade eit økosystem.

Det er ikkje for seint å snu. På torsdag 18. juni skal kommunestyret handsame klagen på dispensasjonen for Lutelandet vindkraftverk. Kommunestyret må ikkje forverre naturkrisa ved å avvise klagen og stadfeste eit vedtak fatta utan tilstrekkeleg kunnskap om konsekvensane for naturmangfald.

Kommunestyret må imøtekomme innbyggjarane, ta klagane til følgje og oppheve dispensasjonsvedtaket i formannskapet, til beste for menneske og miljø.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags