Lutelandet på utanlandske hender!

SVAR: Ingunn Kjelstad (bildet) og Einar Rysjedal vil ha svar på sitt spørsmål om Lutelandet.

SVAR: Ingunn Kjelstad (bildet) og Einar Rysjedal vil ha svar på sitt spørsmål om Lutelandet. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Kan SFE si leiing og styre gje skriftlege forsikringar om at vindkraftanlegget til Lutelandet Energipark AS, aldri vil hamne på utanlandske hender?

Vi stilte dette spørsmålet til Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) i avisa Firda 8. februar. No har vi fjerna spørsmålsteiknet fordi vi tolkar eit manglande svar.

Det er merkeleg at SFE, for ikkje å seie upassande, at SFE ikkje svarar på dette. Burde ikkje SFE, som eit heileigd offentleg selskap, føle seg meir forplikta enn ei kva som helst privat bedrift?

Per Atle Kjøllesdal - du er styreleiar i SFE sitt konsernstyre. Du er også ordførar i Stryn kommune. Ville du som ordførar akseptert at innbyggjar(ar) i din kommune ikkje fekk svar frå kommuneadministrasjonen? Om du blei kontakta av innbyggjar(ar), ville du då ikkje kravd at administrasjonen svara? Kanskje du som ordførar sjølv burde svare?

Ja, spørsmålet blir om du, som styreleiar i SFE, aksepterer at selskapet som du skal leie, ikkje svarar på spørsmålet om eigarskap. Vi forstår det slik at SFE eig berre 20 % av Hennøy Svelgen vindkraft og Okla Stadt vindkraft. Resten er eigd av Falck Renewables S.p.a..

Vi håpar på å få avkrefta mistanken om at Lutelandet Energipark AS vil bli bygd av det offentleg eigde SFE og deretter hamne utanlands.

Så kva er svaret ditt, styreleiar Kjøllesdal? Og ditt, konserndirektør Johannes Rauboti?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags