Lurt av lakselobby, eller ektefølt engasjement?

UFINT: Det er legitimt å vere positiv til skattlegging av næringslivet og det er legitimt å ikkje meine at det at det er viktig å ta vare på distriktskommunane langs kysten sine rammevilkår, men det er direkte ufint å hevde at vi er styrte av ein lakselobby, det er ei og grov undervurdering av vår evne til å tenkje sjølve, skriv artikkelforfattarane.

UFINT: Det er legitimt å vere positiv til skattlegging av næringslivet og det er legitimt å ikkje meine at det at det er viktig å ta vare på distriktskommunane langs kysten sine rammevilkår, men det er direkte ufint å hevde at vi er styrte av ein lakselobby, det er ei og grov undervurdering av vår evne til å tenkje sjølve, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI debatten om havbruksskatt opplever vi som distriktspolikarar og motstandarar av statleg havbruksskatt at vi vert skulda for å vere lurt av lakselobbyen. Bakgrunnen er at Venstre sitt landmøte i 2019 sa nei til ein slik skatt. Leiar i Unge Venstre, Sonde Handsmark og Oslo-avisene har i ettertid ved fleire høve forklart at dette vedtaket er eit resultat av lobbyisme frå laksenæringa.

Det er legitimt å vere positiv til skattlegging av næringslivet og det er legitimt å ikkje meine at det at det er viktig å ta vare på distriktskommunane langs kysten sine rammevilkår, men det er direkte ufint å hevde at vi er styrte av ein lakselobby, det er ei og grov undervurdering av vår evne til å tenkje sjølve. Vi er alle politikarar som er vande med å møte ulike interessegrupper. Vår kvardag som folkevalde er å lytte, samanfatte og konkludere på eit heilskapleg grunnlag

Sanninga er at vi tok debatten fordi vi slett ikkje ønskjer statleg grunnrenteskatt på havbruk. Vi vil ha auka investeringar for å utvikle næringa og nye, lønsame og bærekraftige arbeidsplassar langs kysten vår. Sanninga er at vi ikkje er forleda av ei næring, men ser saka slik store deler av norsk samfunnsliv ser ho. KS, NHO, og LO er blant de store aktørene som er på linje med mindretallet i NOU 18:2019 der det er tilrådd ei ordning som sikrar kystkommunane og næringa godt. Dei har fått støtte frå Nettverket for fjord- og kystkommuner, lokalt, regionalt, og nasjonalt næringsliv, Noregs Bondelag, Norges Skogeierforbund og Norges Fiskarlag, reiselivet, samt mange distriktskommunar og regionråd som er i mot å gjere havbruksskatten statleg.

Då høyringsfristen var ute var 103 av dei 114 høyringsvara mot ein statleg grunnrenteskatt på havbruk. Fleirtalet i utvalet peikar på at Norge må redusere selskapsskatten for å hindre utflagging. Dette vil dei finansiere ved å sterkt auke skatten på næringar dei meiner er bunde fast til landet. Dei peikar på næringar som skogbruket, reindrifta, sjøfarten, mineralnæringa, fiskeria og jordbruket som andre moglege grunnrentenæringar.

Havbruket og alle desse næringane betalar i dag alle ordinære skattar og avgifter. Riksmedia og Sondre Hansmark er heilt på viddene når de skriv at den reelle skattlegginga av havbruket i dag er på 3 prosent. Laksebedriftene betalar i likheit med andre bedrifter 22 prosent skatt. I tillegg til innbetalingar til Havbruksfondet som går direkte til kommuner, fylkeskommuner og staten. Havbrukskatteutvalet har en todelt innstilling.

Fleirtalet vil flytte inntektene frå konsesjonssal bort frå vertskommunane og over til staten. Basert på siste års sal gir det om lag 1,5 milliarder i årleg tap for kystkommunane. De føreslår også å innføre ein statleg grunnrenteskatt på 40%. Denne skal komme i tillegg til selskapsskatten, og fører til nært ei tredobling av skattenivået for havbruksbedriftene. Dette vil også flytte milliardar frå kysten, og skal bidra til å redusere skattane for andre næringar, ikkje sjeldan i bynære strøk. Vi støttar mindretalet i utvalet som heller ikkje har aversjon mot skatt. Dei støttar at konsesjonane skal seljast men at brorparten av inntektene må tilførast kystkommunane. I tillegg slår dei fast at havbruksnæringa bør betale ei leige for det arealet dei bruker og at inntektene bør komme kystsamfunna til gode.

Våre innvendingar i debatten om statleg grunnrenteskatt på laksenæringa handlar om to prinsipp som begge er viktige i et distriktsperspektiv:

1. Skattebelastninga på distriktsnæringane i høve til andre næringar. Det er ikkje slik at næringsliv som baserer seg på naturrressursar ikkje er underlagt same skatteregime som anna næringsliv. Ein ny statleg lakseskatt vil komme på toppen av anna skattlegging og forskyve skattebelastninga over på distriktsnæringslivet sidan naturressursbasert næringsliv i hovudsak er nettopp lokalisert i distrikta.

2. Fordelinga av skatteinntektene. Det er svært viktig at vertskommunene langs kysten har evne til samarbeid med havbruksnæringa om innovasjon og gode miljøløysingar, dette kan være landbasert oppdrett, forsvarleg handtering av fiskeslam, veg/vatn/kloakk, energiforsyning, forvaltningstiltak for villaks etc. Difor er vi einige i at havbruksnæringa skal bidra til fellesskapet, men vi meiner at inntektene skal komme vertskommunar og lokalsamfunn til gode, i motsetnad til ein statleg grunnrenteskatt.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags