– Likestilling i arbeidslivet heng saman med likestilling i familien

KJØNNSDELT: LO meiner vi må halde fram arbeidet både for likestilling og lik løn (Illustrasjonsbilde)

KJØNNSDELT: LO meiner vi må halde fram arbeidet både for likestilling og lik løn (Illustrasjonsbilde) Foto:

Av
DEL

DebattNorge er eit av dei mest likestilte land i verda. Men framleis er det systematiske forskjellar. LO sitt mål i likestillingsarbeidet er at kvinner og menn skal ha like rettar og moglegheiter til utdanning, arbeid, inntekt, velferd og innverknad.

Kvinners si gjennomsnitt timeløn er om lag 88 prosent av menn si timeløn. Denne lønnsforskjellen kan delvis forklarast med at kvinner og menn jobbar i ulike sektorar, næringar og yrke, og at kvinnedominerte yrke ofte er dårlegare betalt. Dessutan er gapet endå større om ein samanliknar menn og kvinner som har barn. Kvinner med barn har ei timelønn på om lag 83 prosent av mennene. Dette må bli retta på ved dei neste tariffoppgjera.

Kvinnene si lønnsutvikling blir best sikra gjennom sentrale forhandlingar. Treffsikkerheita på verkemiddel og tiltak for likelønn og mot låg lønn må betrast. Ei betre kjønnsfordeling innanfor ulike yrkesgrupper, bransjar og sektorar vil vere med på å jamne ut lønnsforskjellar mellom mannsdominerte og kvinnedominerte yrke. Men her er det framleis store utfordringar. I Sogn og Fjordane har vi eit kjønnsdelt arbeidsmarknad. Hausten 2018 var 96,3 prosent av søkjarane bygg- og anleggsfag og 92,4 prosent av søkjarane til elektrofag gutar. Mens til helse- og oppvekstfag var 83,3 prosent av søkjarane jenter.

Det er viktig å arbeide for høgare verdsetjing av kvinnedominerte yrkesområde. For enkelte grupper med høgare utdanning er det viktig at lønnsforskjellane mellom privat og offentleg sektor blir utjamna.

Likestilling i arbeidslivet heng saman med likestilling i familien. Det er behov for ein aktiv familiepolitikk som må støtte opp under kvinners yrkesdeltaking. Dette må inkludere ei framleis sterk satsing på barnehagar og skulefritidsordningane. Barnehagen, skulen og offentlege tenester må leggje til rette for at foreldre til barn med spesielle behov kan delta fullt ut i arbeidslivet. Ordninga for foreldrepengar må sikre kvar av foreldra minst 40 prosent av permisjonstida og sjølvstendig oppteningsrett. Kontantstøtta bidreg til å svekkje kvinners tilknyting til arbeidslivet og må avskaffast. Det vi har oppnådd innanfor likestilling, har ikkje kome av seg sjølv. Det er framleis viktig med ein aktiv likestillingspolitikk, ei eiga likestillingslov og eit effektivt system for handheving.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags