21. oktober legg kvinnene ned arbeidet

Sjukehuset i Førde.

Sjukehuset i Førde. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevFrå i dag, 21. oktober, og ut resten av året jobbar våre medlemmer – lærarar, sjukepleiarar, barnehagelærarar, helsesøstrer, fysioterapeutar, forskarar med fleire – gratis.

Verkar dette heilt usannsynleg? Det burde vere det, men realiteten er ein annan. Gapet mellom det kvinner og menn tener, minkar ikkje. Framleis tener ein tilsett i kvinnedominerte yrke i gjennomsnitt 85 øre for kvar krone ein i eit mannsdominert yrke tener. For våre medlemmer, tilsette med høgare utdanning, er gapet endå større.

Hadde vi tatt likelønn på alvor, ville våre medlemmer frå i dag kunne lagt ned arbeidet, gått heim og tatt fri resten av året. Konsekvensane tør vi ikkje tenkje på. Men likevel vel vi å la uretten halde fram.

«Equal Pay Day» vert arrangert over heile verda for å markere uretten i at kvinner tener mindre enn menn. Sjølv paven har reagert på mangel på likelønn. Unio har valt å markere «Equal Pay Day» den 21. oktober som eit symbol på at våre medlemmer frå denne datoen og ut året jobbar utan lønn – om vi samanliknar oss med dei mannsdominerte yrkesgruppene med like lang utdanning.

Likelønn i Noreg strekkjer seg lenger enn lik lønn for likt arbeid. Dei mannlege og kvinnelege sjukepleiarane som møtast i korridoren på sjukeheimen eller sjukehuset følgjer den same lønnsstigen. Lærarane som treffast på lærarrommet kan godt synest dei får for lite betalt for jobben dei gjer, men dei har i alle fall omtrent same lønn. Likelønn handlar om at dei kvinnedominerte yrka, og då særleg velferdsyrka i offentleg sektor, vert betalt lågare enn dei mannsdominerte yrka i privat sektor.

Inga regjering, verken blå, raud eller raudgrøn, har klart å gjere noko for å minke lønnsgapet. Likevel er det tverrpolitisk semje om at Norge står framfor store utfordringar når det gjeld framtidig yrkesdeltaking, og utfordringane med rekruttering innan helse og omsorg og utdanning, der kvinnelege tilsette dominerer, er store. Det vert sagt at lønn er det viktigaste for å lokke dei unge til å utdanne seg til desse yrka. Aller helst skulle vi sett fleire menn i barnehagane, på skulane og i helseinstitusjonane. Skal politikarane klare å nå målet om å rekruttere kompetanse til offentlig sektor og oppretthalde kvaliteten, er lønn eit viktig verkemiddel. Eit lønnsgap mellom privat og offentlig sektor som i beste fall er stabilt, vil ikkje freiste framtidige arbeidstakarar. I 2003 tente ein offentleg tilsett med meir enn fire år høgare utdanning om lag 130.000 kroner mindre enn ein med tilsvarande lang utdanning i privat sektor. I 2013 hadde dette gapet auka til 187.000 kroner.

Politikarane sit med nøkkelen, men prøver å kome seg unna ansvaret ved å late som om likelønnsspørsmålet er noko partane i arbeidslivet skal handtere i lønnsoppgjera. Likelønn sit i strukturane, ikkje ved forhandlingsbordet.

Unio meiner likelønn handlar om å verdsetje det som i dag er typiske kvinneyrke. Tradisjonelt jobbar menn i privat produksjonssektor, medan kvinner jobbar innan helse, omsorg og utdanning i offentlig sektor. Samfunnet er avhengig av begge yrkesområda, og dei må difor verdsetjast likt. Unio meiner likelønnsgapet er ein av dei største utfordringane vi har.

Kampen om likelønn vil bli fronta på alle arenaer, til vi ser resultat. I år legg ikkje Unio sine medlemmar ned arbeidet i dag, den 21. oktober. Men det er veldig freistande. For det er ingen rettferd i å skulle halde fram å arbeide gratis.


Unio
Rønnaug Dvergsdal, Utdanningsforbundet Førde
Sissel Varden, Norsk sjukepleiarforbund Førde
Bjørg Marifjæren, Fysioterapiforbundet Førde
Sigrun Espe, Forskarforbundet

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags