Libanonveteranar vil tilbake til Libanon for å hjelpe

VETERANHJELP: Artikkelforfattar Magnar Skorven avbilda i Huston Texas i 2017 under opprydding etter flaumen som var der.

VETERANHJELP: Artikkelforfattar Magnar Skorven avbilda i Huston Texas i 2017 under opprydding etter flaumen som var der. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Norge hadde i mange år FN-styrkar i Libanon. Mange av desse soldatane har godt forhold til Libanon. No når store delar av Beirut ligg i ruinar etter den forferdelege eksplosjonen i Beirut hamn, vil dei reise tilbake til Libanon for å gjere ein innsats.

Team Rubicon Norge er ein veteranbasert katastrofehjelporganisasjon som no planlegg å sende norske veteranar til Beirut for å vere med på å hjelpe etter den katastrofen som oppstod etter eksplosjonen. Team Rubicon Norge har tidlegare deltatt etter naturkatastrofar i USA, Bahamas, Haiti og Australia.

Det er første gangen Team Rubicon Norge reiser til Libanon, og ein ynskje ikkje å vere i den første fasen. Dette på grunn av at Team Rubicon Norge ikkje har etablert nødvendig medisinsk kompetanse for å kunne bidra med det enda. Til gjengjeld har organisasjonen god kompetanse på opprydding og logistikk. Og på grunn av Norge sitt langvarige oppdrag i Libanon har organisasjonen god kompetanse på Libanon. Team Rubicon Norge kan bidra med søk etter sakna, utdeling av mat og vatn og ikkje minst i å opprette leirar for dei som er blitt heimlause. Og det hastar. Libanon ligg ved Middelhavet, men det blir vinter der og. Og det kan bli skikkeleg kaldt for dei som ikkje har tak over hovudet.

For å få til dette er Team Rubicon Norge avhengige av å samle inn pengar. Difor har ein no oppretta ein spleiskampanje. Målet er å samle inn 300.000 kroner. Det vil kunne sende 15–20 menn og kvinner som kan gjere ein stor innsats for dei lokale.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags