Leve heile livet – i heile Sunnfjord kommune

STYRKING: Det må gjerast vedtak om styrking av bemanning til institusjonane. Styrka bemanning vil skape større trivsel og tryggheit både for tilsette og dei som bur på institusjonane,skriv artikkelforfattaren.

STYRKING: Det må gjerast vedtak om styrking av bemanning til institusjonane. Styrka bemanning vil skape større trivsel og tryggheit både for tilsette og dei som bur på institusjonane,skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev«Leve hele livet» er namnet på stortingsmelding 15 (2017-2018), «En kvalitetsreform for eldre»
Hovudsatsingsområde er eit aldersvennleg Noreg, aktivitet og fellesskap, mat og måltid, helsehjelp, samanheng i tenestene.

Ei brei politisk semje er også at eldre skal kunne bu i sin eigen heim så lenge som mogeleg. For å få dette til, legg reforma opp til auka bruk av frivillig innsats. Korleis få eit aldersvennleg Noreg – og ein aldersvennleg Sunnfjord kommune?

Når kommunestyret i Sunnfjord den 30. april skal ta stilling til framlegga til innsparingstiltak, er det viktig å ha målsettingane i Leve heile livet klart for seg. Nokre av framlegga går i stikk motsatt retning.

Det må gjerast vedtak om å halde på, og helst styrke, frivilligsentralane. Frivilligsentralane har lokalkunnskap, og har ei viktig rolle i praktisk hjelp til eldre. Eldre for eldre har positiv verknad for både den som yter og den som mottek tenestene.

Det må gjerast vedtak om styrking av bemanning til institusjonane. Styrka bemanning vil skape større trivsel og tryggheit både for tilsette og dei som bur på institusjonane. Erfaringar tilseier at med auka bemanning går sjukefråværet ned, og vikarbehovet vert dermed mindre.

Eit aldersvennleg samfunn betyr mellom anna å trygge levande lokalsamfunn:
- å ta vare på, og styrke kulturtilbod som bibliotek
- å sikre gode møteplassar for aktivitet, som trim, dans og kafe
- å ha gode vegar og eit minimum av skysstilbod
- å bidra til at kyrkja har gode arbeidsvilkår

Eit aldersvennleg Sunnfjord er bra for alle!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags