Legg kyststamvegen langs kysten

Her er ei skisse av dagens trasé (raudt), og to alternative traséar til kyststamvegen (blått og gult).

Her er ei skisse av dagens trasé (raudt), og to alternative traséar til kyststamvegen (blått og gult). Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Prosjektet ferjefri E39 har skote fart i det siste. Utbygginga av Rogfast i Rogaland har starta, og planlegginga av Hordfast i Sunnhordaland er godt i gang. Det er berre eit tidsspørsmål før ei bru over Sognefjorden igjen blir sett på dagsorden.

Då prosjektet vart kunngjort var HAFS-kommunane (Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen) klare i si tale. Dei meinte at fjordkryssinga burde skje ytst i Sognefjorden, med ei kortare bru eller ein undersjøisk tunnel via Solund. Men med kostnadsoverslag for kryssinga mellom Lavik og Oppedal på under ti milliardar, vart ikkje innsparingspotensialet det heilt store. Vegen ville òg blitt betydeleg lenger med dei forslaga som vart presentert.

Ein del har skjedd sidan den gong. Fyrst og fremst har kostnadsoverslaget for brua mellom Lavik og Oppedal stige mykje! Dei siste har variert mellom 15 og 20 milliardar kroner. Det svarar til omlag ein milliard kroner per minutt ein sparar på køyreturen. Smak litt på den.

Samtidig har både politikarar og næringslivet i dagens Vestland og Møre og Romsdal, ytra eit ynskje om å få på plass ein samanhengande veg langs kysten i fylka. Denne vegen er kjent som Kystvegen. Ettersom begge prosjekta er veldig dyre, er det lite truleg at det kjem ei snarleg utbygging av nokon av dei. Viss ein derimot ser på ei felles løysing mellom Storehaug i Sunnfjord og Knarvik Nordhordland, vil ein kunne spare milliardar og framskunde utbygginga.

Ein slik veg ville i stor grad følge dagens fv. 57. Mesteparten av vegen vil ha behov for ei opprusting viss han skal ta unna dagens trafikk på E39. Strekninga Dale-Storehaug ligg høgt på prioriteringslista for fylkesvegar i Vestland som skal utbetrast. Han vil vere godt rusta for trafikkauke når han står ferdig. Ei utbetring av vegen sørover gjennom Fjaler, Hyllestad og Gulen, vart i 2017 kostnadsrekna til 7,8 milliardar kroner. Utgreiinga la til grunn at vegen skulle gå til Rysjedalsvika og ikkje Hyllestad, som eg føreslår. Det gir likevel ein peikepinn på kostnadane. I tillegg kjem kryssinga av Sognefjorden og Fensfjorden.

Ytst i Sognefjorden er det ein grunn fjordterskel. Han kunne der blitt kryssa med ein 31 kilometer lang tunnel mellom Hyllestad og Rutledal. Denne ville blitt delvis undersjøisk. Det djupaste punktet for ei slik kryssing vil vere på rundt 290 meter, under Tollesundet. Med ei bergoverdekking på 45 meter (avstand mellom sjøbotn og tunneltak, i samsvar med regelverket) vil ein framleis greie stigningskravet på maksimalt 5 prosent. Men kva med prisen?

Nyleg er Ryfastsambandet i Rogaland ferdigstilt. Det består av ein firefelts motorveg i to undersjøiske tunnelar, og kosta 8,07 milliardar kroner. Tunnelløpa si samla lengde er på 40 km. Ein undersjøisk tunnel under Sognefjorden med ein sidearm til Solund, vil med den same kilometerprisen koste i underkant av 7 milliardar kroner.

Kryssing av Fensfjorden har etter min kjennskap aldri blitt utgreidd. Men sidan fjorden enkelte stader er langt smalare enn mellom Lavik og Oppedal, er det rimeleg å anta at ei kryssing over han òg blir billegare. Ein alternativ trasé er å legge vegen på nordsida av Fensfjorden. Dette vart vurdert i Kyststamvegutgreiinga i 1991.

I HAFS-kommunane er det om lag 10.000 innbyggarar. Med unntak av E39, som går heilt i ytterkanten av Gulen, er her ingen riksvegar. Det gjer at det tek lang tid mellom kvar store veginvestering i kommunane. Både fv. 57 og vegane som går aust til E39, er smale, svingete og rasutsette. Dette gjer næringsverksemd i regionen vanskeleg. Langs kysten av Nordhordland, er det ytlegare 34.000 innbyggarar. Der er situasjonen i stor grad den same. Kystvegen vil redusere reisetida langs kysten mellom Dale og Knarvik, med halvannan time. Han vil binde oss saman til ein felles bu- og arbeidsmarknad.

Til samanlikning bur det cirka 5500 innbyggarar i Høyanger, Modalen, og i austre del av Gulen (antar 500) og Masfjorden (antar 500). Desse er nok dei som er betre tent med ei bru mellom Lavik og Oppedal. Likevel er det berre ein brøkdel av dei som vil nytte ho i kvardagen. Kjem den føreslåtte brua over Sognefjorden til å utgjere ein like stor forskjell i bu- og arbeidsmarknaden deira?

Med Kyststamvegen langs kysten vil ein kunne avløyse minst to ferjesamband (Krakhella–Rutledal–Rysjedalsvika, Duesundsambandet, og potensielt Leirvåg–Sløvåg). Dette utløyser ferjeavløysingsmidlar for desse. Samtidig vil ferjesambandet Lavik–Oppedal kunne driftast med ei, i staden for tre ferjer. Når heile Kystvegen er utbygd, med brukryssing av Førdefjorden, vil òg hurtigbåten mellom Nordfjord og Bergen kunne leggast ned til fordel for bussruter med lågare driftsutgifter og billettprisar.

Eg har høyrt begge motargumenta mot denne endringa. Det fyrste er «Trasévalet for E39 er tatt». Det stemmer at det vart lagt ein plan for kor vegen skulle ligge for 30 år sidan. Det har likevel ikkje hindra traséen i å bli endra på Sunnmøre og i Nordfjord. Kvifor kan han ikkje bli endra på strekninga Knarvik-Storehaug også, viss det aukar samfunnsnytten?

Det andre motargumentet er «Det er best å sitte stille i båten, sånn at ikkje Indre Sogn stikk av med riksvegmidlane - igjen!»(Er ikkje Indre Sogn tom for vegar utan gul midtstripe snart?) I min heimkommune, Hyllestad, er det gått 30 år utan større veginvesteringar i kommunen. Ikkje er det nokon i sikte heller. Det er ikkje vanskeleg å forstå at innbyggarane her ikkje orkar å ha forhåpningar om vegutbygging i kommunen. Men grensa for når eg vil teie er passert når ein planlegg ei investering på fleire titals milliardar utan å sjå på alternativ utanom dagens trasé.

Alternativet eg har presentert (Kystvegalternativet) vil fort få ein prislapp på oppunder 20 milliardar kroner, akkurat som brua mellom Lavik og Oppedal. Likevel vil kombinasjonen av større innsparte driftsutgifter, samanslåing av to prosjekt, samt auka lokal og regional nytte, gjere at denne løysinga totalt sett får større samfunnsnytte. Viss fylket og staten går saman, og nyttar ferjeavløysingsmidlar og bompengar (heller det enn ferjebillettar), er dette prosjektet like realistisk å få gjennomført som Ryfast og Rogfast i Rogaland.

Sett i lys av dei nye ambisjonane for vegbygging i fylket, håpar eg at HAFS-kommunane, saman med kommunane i Nordhordland, går saman for å få utgreidd Kystvegalternativet for ferjefri E39.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags