Lat meg vere, men ikkje i fred

PSYKISK HELSE: 10. oktober er verdsdagen for psykisk helse. Kommunepsykolog Øystein Verås

PSYKISK HELSE: 10. oktober er verdsdagen for psykisk helse. Kommunepsykolog Øystein Verås Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Dette er eit brev, frå meg til deg, til deg min far og mi mor,

frå din ungdom og til di ungdommelege sjel.

For det er det som trengs på ein slik verdensdag,

det er ikkje på resten av verda du skal tenke tankar i dag,

det er på meg og deg, og psykisk helse og sånn, og kva det betyr for deg og meg.

Ikkje stopp, ikkje vend deg vekk, ikkje forlat meg,

når eg ber om fred, når eg vender vekk, når eg forlet deg.

Hald meg i sinnet, og hald meg i minnet,

spesielt på dette alderstrinnet.

Lær meg dette, at det er greit om eg ikkje veit,

når og kvar ein bør eller skal,

lat det verte eit refreng i min eigen livsmusikal,

at det er greit uansett,

eller at eg egentlig er grei og stort sett blir sett.

For du veit, det du seier til meg, blir der, i meg.

For du veit, det du ser i meg, blir der, i meg.

For alltid.

Våg å tenke, kva du ville trenge, når du var som meg.

Våg å legge vekk ei ytre norm eller typisk form,

og ha heller fokus på eit sunnare jordsmonn.

Hald fram å gi næring til mine røtter,

som du har gjort sidan mine vaklande barneføtter,

men la heller blomstringa no få naturleg form,

utan hard beskjæring eller pålagt livsnorm.

Dei orda, det blikket, du gir meg,

blir mine ord om meg, mitt blikk på meg.

Ha eit lengre perspektiv,

ikkje la mi utvikling verte tilfeldig eller fiktiv.

Tenk over kva du vil at eg skal kjenne og føle, om meg,

når eg kjem fram, til det som er meg.

Bry deg Meir, Bry deg Mindre.

Å bry seg treng ikkje bli brysamt,

for prøv å bry deg mest om det eg bryr meg om.

Sjå på meg med glede i mi interesse,

føl med meg i mi smerte og behov for å avstresse,

kjenn med meg i det såre og triste,

og berre lytt når eg deler av mi umodne tankerekke,

utan at eg får behov for å tildekke.

Og fryd deg over mi stadige ommøblering i sinn og kjensle.

Ikkje fortvil om eg stadig skifter ham.

bry deg litt mindre når eg snublar og kjenner skam.

Sjå mellom fingrane når ei grense flyttast,

for du skjønnar, det er ein jobb som skal gjerast.

Mi oppgåve no er å teste kvar grenser går,

og det er gjennom det eg indre grenser får.

Peikefinger, vurderande blikk, får meg til å skjule, å ikkje ville, å ikkje dele.

Eg håpar vi har felles mål, at eg kan kome til deg når eg treng,

at eg kan føle meg trygg tilbake i mi eiga seng.

For det er nok det verste, når ein anna heim gjev tryggare terreng,

eller når ei trygg hamn berre er å finne i ein eller anna tilfeldig gjeng.

Ver raus med meg, og unngå eit skjold mot skamma,

ver åpen med meg, og unngå ei tåke i forvirringa,

ver varm med meg, og hald unna kulde i einsemda,

over det som ikkje er innafor eller rimelig, i dei flaue auga.

Eg blir den du ser.

Eg blir feila du finn.

Eg blir prestasjon, eller nederlag.

Men eg blir akkurat god nok, om det er rom for akkurat det

Alle inntrykk, må få eit uttrykk, ellers blir eg nedtrykt.

Følg meg opp, følg meg ned.

Ikkje dytt meg inn eller ut.

Berre ver her, med meg.

Berre ver her, på sida.

Berre ver her, når eg ikkje er der.

Så lenge eg veit at du alltid er der,

kan eg vere fri til å vere meir her,

og kome heim når eg treng å vere der.

For det er slik eg kan lære,

for det er slik eg kan finne ut,

at eg er meg, og du er du.

For du er ikkje meg, og du er heller ikkje din far eller mor.

Set meg no fri til å finne meg.

Men hjelp gjerne til med det,

ved å bry deg om meg, og spør meg,

men berre akkurat sånn passe.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken