Vel levande landskap!

VILLSAU: Sognefjorden Kystpark rullar i desse dagar ut ein spanande modell for moderne landskaps- og villsauskjøtsel. Målet er å henta tilbake eit kystlandskap som er i ferd med å gro igjen, og å gjenskape den gode kontakten mellom menneske og dyr, skriv artikkelforfattaren.

VILLSAU: Sognefjorden Kystpark rullar i desse dagar ut ein spanande modell for moderne landskaps- og villsauskjøtsel. Målet er å henta tilbake eit kystlandskap som er i ferd med å gro igjen, og å gjenskape den gode kontakten mellom menneske og dyr, skriv artikkelforfattaren.

Av
DEL

LesarbrevPolitiske ulikskapar vert forsterka framføre eit val, men nokre kjernesaker er alle samde om: Vi må skape berekraftig utvikling, stimulere til god folkehelse og inkludere alle i fellesskapet. Norske Parker leverer ei løysing på dette.

Vi er eit nettverk i Norge som femnar om ni regionalparkar, der heile 35 kommunar er involvert. Vi bygger samarbeidsplattformer regionalt. Saman tek vi tek vare på landskap- og kulturverdiar og inviterer gamle og unge til aktivitet. Vi ryddar stiar og strender. Vi skaper møteplassar. Og vi stimulerer til både samfunns- og næringsutvikling basert på lokalsamfunnet og regionen sine eigne premissar, identitet og styrkar.

Sjå til Sognefjorden kystpark og utviklinga der. Denne parken held til i Ytre Sogn og Sunnfjord og dermed ved innløpet til Europa sin lengste og djupaste isfrie fjord. Parken vart stifta i år 2017, og bygger sakte men sikkert opp ein solid samarbeidsplattform der m.a. ivaretaking og utvikling av regionen sine kultur- og landskapskvalitetar har fokus.

Sognefjorden Kystpark rullar i desse dagar ut ein spanande modell for moderne landskaps- og villsauskjøtsel, prosjektet «Alle mann til pumpene». Ei heil bygd vert involvert, med barnehage og skule i spissen. Målet er å henta tilbake eit kystlandskap som er i ferd med å gro igjen, og å gjenskape den gode kontakten mellom menneske og dyr. Her vil det verta skapt møteplassar der kunnskap kan delast på tvers av generasjonar, integrering vert ein naturleg del, og betre folkehelsa er ein bonus.

I denne satsinga skal Sognefjorden kystpark vera ein nasjonal pilot for bruk av det elektroniske gjerdesystemet NOFENCE. Likeins skal Bergen Arkitekthøgskule gjennomføra eit forskingsprosjekt , «Å vøla eit landskap», der dette prosjektet vil stå sentralt. I tillegg skal Norske Parker bruke denne satsinga som eit internasjonalt referanseprosjekt for moderne landskapsskjøtsel.

Regionalparkar er ei internasjonal kjent merkevare som også er i ferd med å få fotfeste Norge. Og Sognefjorden kystpark arbeider med å få UNESCO Global GEOpark status på området. Frå før er det inst inne i Sognefjorden ein UNESCOpark: Nærøyfjorden Verdsarvpark. Og rett sørom fjorden har Nordhordland nyleg fått godkjenning som eit UNESCO Biosfæreområde.

Med ein UNESCO Global GEOpark status i vest, så vert alle typar UNESCO-destinasjonar samla på eit brett. Dette blir i så fall ein unik situasjon, og vil representere ei merkevare for både HAFS-regionen og nye Vestland, som vil gje gjenklang både nasjonalt og internasjonalt!

Dei norske regionalparkane bidreg til lokal verdiskaping ved m.a. å utvikle berekraftige lokale produkt og opplevingar. Til dømes har Valdres Natur- og kulturpark over fleire år skapt kjennskap og stoltheit for lokalsamfunnet sitt, gjennom m.a. utvikling av både rakefiskfestival, ulike stølsprodukt og ved å skape ei særeigen stadmerkevare. Og i Nærøyfjorden Verdsarvpark arbeider utegåande parkforvaltarar saman med 90 parkpartnarar for å skape engasjement for skuleelevar, finansiering av kulturminnearbeid, ryddar stiar og er aktive besøksforvaltarar.

Dei norske regionalparkane løyser ut dugnadsinnsats og sosial verdiskaping gjennom langsiktige partnarskap og medverknad basert på lokalsamfunnets eigne visjonar og verdiar. Dei arbeider på tvers av ideelle og kommersielle interesser, og i mellomrommet der sektormynde ofte kjem til kort.

Regionalparkar er ofte konsentrert i næringssvake område, men der det er høge natur- og kulturverdiar av nasjonal verdi. Dei etablerte regionalparkane i Norge i dag er: Valdres Natur- og kulturpark, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Finnskogen Natur & kulturpark, Haldenkanalen Regionalpark, Telemarkskanalen regionalpark, Sognefjorden Kystpark, Vefsna regionalpark, Varanger Arctic Norway regionalpark og park-kandidaten Okstindan Natur- og kulturpark.

Norske Parker er i dag del av eit mangfaldig europeisk nettverk av meir enn 900 parkområde. FN sine berekraftsmål utgjer ein verdiplattform for å kunne utforska og utvikla løysingar og tiltak knytt til dei einskilde FN-måla. Det parkane har til felles, er at dei ser på seg sjølv som aktive laboratorium for integrert og berekraftig utvikling. Parkane i Europa er forankra gjennom nasjonal lovgjeving og vert finansiert i eit spleiselag.

I motsetnad til resten av Europa, manglar Norske Parker ei statleg forankring gjennom parklovgjeving og medfinansiering. Dette er innført med stor suksess i andre europeiske land, som til dømes i Sveits.

Regionane i Noreg er no i støypeskeia – og dei treng parkane som motor for utvikling. For brei og berekraftig verdiskaping, utvikling av lokale produkt og opplevingar – og ikkje minst for å vareta landskap, kulturarv og lokal identitet.

Difor bør alle nye folkevalde – uavhengig av politisk farge – kunne einast om ein ting: å velja levande landskap gjennom vidareutvikling av norske parkar! Det vil gje ein samarbeidsplattform for lokale mynde, næringsliv og frivillige lag- og organisasjonar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags