Nei til industrilandbruk. Ja til dyrevelferd!

PROBLEM: Promblemet stikk djupare enn einskildbøndene, skriv Magnar Flakenstein. Raudt vil endre landbrukspolitikken til mindre bruk og sikre bøndene betre betaling.

PROBLEM: Promblemet stikk djupare enn einskildbøndene, skriv Magnar Flakenstein. Raudt vil endre landbrukspolitikken til mindre bruk og sikre bøndene betre betaling. Foto:

Av
DEL

LesarbrevNRK Brennpunkt viste for nokre dagar sidan ein film om svært uverdige tilhøve på nokre norske grisegardsbruk. Mange, ikkje minst leiande politikarar og bonderepresentantar, toa hendene sine over kva dei fekk sjå. Dei skuldar på einskildbønder som ikkje viser omsorg for grisene sine.

Problemet stikk mykje djupare enn det. Det vi fekk sjå denne kvelden, var ikkje noko anna enn resultatet av ein landbrukspolitikk som Bondelaget og Stortinget lenge har stått i spissen for! Når ein legg opptil ein politikk der det viktigaste er å produsere billegast mogleg kjøtt, mjølk og egg, med større og større gardsbruk, må det til sist gå ut over dyrevelferda! Dyra vert til ting som må produsere fortast mogleg.

Nokre vel å kjefte på filmskaparen og forlange at bønder som ikkje handsamar dyra sine bra, må ut av yrket. Eit slikt krav er det lite hjelp i. Det som må til er ein heilt ny jordbrukspolitikk, der bonden får ei skikkeleg inntekt og tid til å ta seg av dyra sine. Det vil seia at det må verta slutt på dei store einingane (industrilandbruket), og satsing på mindre bruk. Det vil gje fleire bruk i drift og, ikkje minst, ei betre dyrevelferd.

Dersom vi held fram som no, vil vi om kort tid få ein ny film som viser dårleg stell av husdyr (det gjeld ikkje berre grisen!), og som stiller jordbruket i eit dårlegare og dårlegare lys. Tida for ei ny landbrukspolitikk er her no!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags