Meir i potten til landbruksoppgjeret

MEIR: Staten må putte meir i potten til landbruksoppgjeret enn det som har vore standarden dei siste åra, skriv artikkelforfattaren.

MEIR: Staten må putte meir i potten til landbruksoppgjeret enn det som har vore standarden dei siste åra, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEin ny prognose frå Budsjettnemnda syner at jordbruket i Noreg kan forvente ein berekna inntektsnedgang på 23.500 kr per årsverk i 2019. Eg er samd med leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, i at desse tala er alarmerande for det norske landbruket.

Det er viktig å snu trenden med stadig færre bruk, samstundes som Noreg aukar importen av matvarer. Ifølge ein nyleg NTB-melding syner tal frå Landbruksdirektoratet at importen av landbruksvarer har vorte meir enn dobla sidan 2007, og har vorte nærmare firedobla sidan 1999. Dette førar til mykje meir langtransport av mat, som er skadeleg for miljøet. I tillegg så svekker det sjølvbergingsgraden i Noreg.

Raudt vil halde oppe konsesjonslova for å sikre rekruttering og drift, samt ha eit importvern som gjer det lønnsamt å produsere mat på norske areal og fôrressursar i heile landet. Landbrukspolitikken bør ha som mål å bevare og styrke det norske, familiebaserte småskalalandbruket. Det må mellom anna gjerast ved å innføre strengare reglar som set grensar for eigarkonsentrasjon og forbod mot prisdumping, samt gå imot at aksjeselskap skal kunne etablere seg med produksjonsstøtte og jordbruksfrådrag.

Den negative utviklinga som avteiknar seg i Budsjettnemnda sin prognose må møtast med mottiltak. Staten må putte meir i potten til landbruksoppgjeret enn det som har vore standarden dei siste åra. Det er viktig å utvide dei økonomiske rammene til landbruksoppgjeret for å sikre dei matproduserande norske bøndene ein betre inntektsutvikling.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags