Marine produkt mot landbruk, dobbeltmoralens høgborg

TIL SIDE: Den norske bonden vert sett til side, til fordel for auka eksport av sjømat og oljerelaterte produkt. Her er det avtalar det blir forhandla om, som ikkje berre vil gå ut over norsk landbruk, skriv artikkelforfattaren.

TIL SIDE: Den norske bonden vert sett til side, til fordel for auka eksport av sjømat og oljerelaterte produkt. Her er det avtalar det blir forhandla om, som ikkje berre vil gå ut over norsk landbruk, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

MeiningarNo er det i gang igjen. Forhandlingar om handel med marine produkt mot landbruksprodukt. Norge vil så gjerne ha avtale med Mercosur, for å styrke eksport av olje-, utstyr-, maskin- og fiskeprodukt. Eg skjønar ikkje lenger kvifor vi skal tenke miljø og klima her i Norge, når vår regjering er med på å sikre auka klima- og miljøproblem gjennom handelsavtalar.

Mercosur og ein eventuell handelsavtale, vil vere med på å auke hogging av regnskog, auke produksjonspress i landbruket i Norge og Mercosur-landa, Argentina, Brasil, Uruguay og Paraguay, samt auke skilnaden på fattig og rik i desse landa. Ein slik avtale, vil klart gje større inntening på eksportvarer i Norge, men vil og auke presset på norsk landbruk gjennom auka import av landbruksvarer.

Norge har særlege interesser i å få auka eksport på marine produkt, som olje, gass og fisk. Til gjengjeld blir det då naturleg å importere landbruksvarer, då landbruksvarer er den største produksjonen i desse landa.

Her er to spørsmål, vi bør ta stilling til:

– Vil vi verkeleg ha fleire oppdrettsanlegg langs den norske kysten og større press på den naturlege fiskestamma vi har utanfor Norskekysten?

– Vil vi verkeleg legge ned det norske landbruket, til fordel for billeg biff frå Mercosur-landa? 

Den norske bonden vert sett til side, til fordel for auka eksport av sjømat og oljerelaterte produkt. Her er det avtalar det blir forhandla om, som ikkje berre vil gå ut over norsk landbruk. Det vil og på sikt, gå ut over den norske forbrukaren. Den norske forbrukar, vil ikkje lenger ha påverknad på dyrevelferd, bruk av veksthormon og antibiotika, plantevernmiddel, produksjonsmåte og etter kvart også pris. Blir vi avhengig av importert kjøt, så vil prisen også etter kvart stige.

Så til dobbeltmoralen. Vi forbrukar og stimulerer til auka forbruk gjennom sal av oljeprodukt. Statoil og Yara er inne med investeringar i Mercosur-landa. Dette har vi høyrt om før. Regnskogen, som blir hogd ned, for å auke landbruksareal for produksjon av korn, soya og andre landbruksrelaterte produkt og aukande interesser for olje og gassproduksjon i Mercosur-landa. Regnskogen som er med på å omdanna CO₂ til oksygen, bør vi for all framtid verne om. Ikkje hogge ned til fordel for økonomiske interesser. Mercosur-landa har mykje fattigdom.

Ein slik avtale, vil ikkje vere med på å redusere fattigdom. Den vil heller vere med på å auke fattigdommen. Kven tener på ein slik avtale? Garantert ikkje bøndene i Mercosur-landa. Det er mange ledd landbruksprodukta skal innom, før dei kjem på norske kjøkkenbord. Klima og miljøspørsmålet, er visst heilt vekke, i iveren etter å forhandle fram ein fordelaktig avtale om handel. Resultatet av denne avtalen, blir høgare utslepp av metan, CO₂ og auka press på regnskogen. Det er veldig bra, når vi skal redusere utsleppa.

Spørsmålet mitt er: – Kva skal til, før den norske forbrukar vaknar opp og gjev regjeringa beskjed om å snu politikken, til ein meir berekraftig politikk for forbrukarar, fiskeindustrien, landbruk og for ikkje å snakke om klima og miljø? Og skal vi ikkje snart vakne opp og tenkje på komande generasjonar?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags