Mjølkeproduksjon får alvorlege utfordringar

STYRT: I Noreg er det no godt under 8000 mjølkeprodusentar att. Og den siste utviklinga med sal av mjølkekvotar gjer at me truleg ser 6000 talet om kort tid dersom ikkje alvorlege grep vert gjort. Dette er ei styrt utvikling, meiner artikkelforfattaren.

STYRT: I Noreg er det no godt under 8000 mjølkeprodusentar att. Og den siste utviklinga med sal av mjølkekvotar gjer at me truleg ser 6000 talet om kort tid dersom ikkje alvorlege grep vert gjort. Dette er ei styrt utvikling, meiner artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Norsk mjølkeproduksjon står framfor alvorlege utfordringar! Korleis løyse desse – og halda oppe truverdet og legitimitet?

I desse dagar skal Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norges Bondelag og Staten diskutera korleis norsk mjølkeproduksjon skal sjå ut i framtida. Det nære utgangspunktet for desse forhandlingane som skal enda opp med tiltak for å nedskalera mjølkeproduksjonen, er utfasing av Jarlsbergosten.
100 mill. liter mjølk skal bort på grunn av bortfallet av eksport av denne populære osten.
Men andre og kanskje like alvorlege utviklingstrendar i norsk mjølkeproduksjon ligg bakom og stressar alle som vil meina noko om mjølkenæringa.

Me opplever eit stort fokus på reduksjon av skadelege klimagassutslepp frå jordbruket, der drøvtyggjarane blir sett på som klimaverstingar av mange. Forbruket av mjølk- og mjølkeprodukt går ned samstundes som myndigheitene har opna opp for meir import av mjølkevarer. I tillegg har forsking og utvikling av denne produksjonen ført til svært store endringar i mjølkeavdrått, eller mjølkeyting om ein vil, og som i neste omgang har medført svært stor import av proteinrike fòrmidlar for å få kyrne til å mjølka meir – mykje meir.
Dette er ei utvikling som Sogn og Fjordane og Hordaland Bonde- og Småbrukarlag likar svært lite, og det er diskutert i styremøte. Sogn og Fjordane og Hordaland Bonde- og Småbrukarlag ønskjer å stø opp om Norsk Bonde- og Småbrukarlag sitt syn på korleis denne alvorlege situasjonen kan gje gode høve til å skapa ein meir berekraftig, meir klimarett og økonomisk framtidsretta mjølkeproduksjon for alle mjølkebønder som ønskjer å produsera på mest mogeleg norske fòrressursar.

I Noreg er det no godt under 8000 mjølkeprodusentar att. Og den siste utviklinga med sal av mjølkekvotar gjer at me truleg ser 6000 talet om kort tid dersom ikkje alvorlege grep vert gjort. Frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag sin ståstad er dette dessverre ei tydeleg styrt utvikling der store deler av næringa sjølv er medspelarar for å effektivisera mjølkeproduksjonen enno meir, og heilt klart har dette vore ei ønskt utvikling frå myndigheitene.

Det er no kome så langt at legitimiteten til heile mjølkeproduksjonen står i fare for å forvitra. Kor tid skal utviklinga stoppast- og helst føra til fleire mjølkeprodusentar i framtida?

Det blir ikkje plass til å gå i djupna på klimadelen av mjølkeproduksjonen i Noreg, men det er alvorlege brestar mellom mjølkeyting, forsking på enno større avdrått, klimautslepp frå ein produksjon med alt for stor del importerte fòrråvarer og den minkande beitinga frå mjølkekyr i dette landet. Norsk mjølkeproduksjon må snarast baserast på meir norskprodusert gras og det veldige fokuset på mest mogeleg mjølk frå kyrne gjennom året må stoppast. Ei norsk kyr som produserer om lag 7000 liter i året gjev også kjøt frå desse kyrne som er meir klimavenleg enn andre alternativ.

I Norsk Bonde- og Småbrukarlag er me imot ei utkjøpsordning av mjølkeprodusentar for å redusera produksjonen. Me har ingen mjølkeprodusentar å missa. Tanken om at næringa sjølv skal ønskja bort «overflødige» bønder er grunnleggjande usympatisk. I vårt lag meiner me at alle mjølkebønder må ta sin del av reduksjonen, men me vil likevel skjerma dei minste mjølkebøndene ved at dei fyrste 100.000 liter skal få unntak frå reduksjon. Deretter står me støtt på at det såkalla forholdstalet skal vera gjeldande prinsipp, og dette er eit system som også fram til i dag har vore brukt ved mange høve.

Ved jordbrukstingingane 2014 vart kvotetaket auka til 900.000 liter mjølk, ei dobling frå tidlegare.
Både på kyremjølk og geitemjølk. Dette er mengder som samsvarar lite med grasarealet på dei fleste mjølkebruk. Bonde- og Småbrukarlaget vil redusera kvotetaket attende til 450.000 liter kyremjølk og 150.000 geitemjølk.

Med god hjelp av investeringspakkar har næringa vorte styrt til færre mjølkebruk og meir proteinrike importfòrråvarer. Mange bygder som naturleg kunne produsert mjølk på eigne grasareal og mindre mengder norskprodusert kraftfòr, er no utan mjølkebønder. «Sistebonden» haustar alt av lettdrive grasareal for å produsera mest mogeleg. Denne utviklinga må snuast dersom jordbruket vårt skal halda oppe truverdet omkring klima og mangfaldet innan mjølkeproduksjonen. Legitimiteten for norsk mjølkeproduksjon krev at me ser beitande mjølkekyr frå fleire gardsbruk som saman med andre drøvtyggjarar steller det kulturlandskapet me alle oppskattar så høgt.

Amazonas brenn for at me skal få importera meir proteinrik mat til mjølkekyrne våre. Me importerer så lite at dette berre blir symbolpolitikk vil mange hevda. Det er likevel eit faktum at mykje norsk mjølk blir produsert på importfòr me godt kan klara oss utan. Det umoralske i at regnskogen brenn ned på grunn av korrupte politikarar og ofte kriminelle landeigarar må Noreg snarast ta inn over seg dersom klimatruverdet skal haldast oppe.

Jordbruket i Noreg har samfunnsansvaret med å produsera mat på best mogeleg måte og skal vera positivt i høve til omdøme og verdiskaping i heile landet.
Samfunns- og beredskapsomsynet tilseier at me ikkje har mjølkeprodusentar å missa.
Difor støttar Hordaland Bonde- og Småbrukarlag opp om landslaget vårt i dei pågåande/ tilkomande tingingane om norsk mjølk si framtid.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags