Er det berre pandaen vi vil bevare?

 MINDRE KJØT: Ved å redusere kjøtinntaket og endre matvanar er ein med på å bevare den naturen ein vil gje vidare til neste generasjonar. Ein kan også velje kjøttprodukt som krev mindre areal for produksjon om det er utenkjeleg å velje vekk kjøtet på middagstallerkenen, skriv artikkelforfattaren..

MINDRE KJØT: Ved å redusere kjøtinntaket og endre matvanar er ein med på å bevare den naturen ein vil gje vidare til neste generasjonar. Ein kan også velje kjøttprodukt som krev mindre areal for produksjon om det er utenkjeleg å velje vekk kjøtet på middagstallerkenen, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevMange sparar pengar til barna sine for at dei skal kunne få ein enklare start på livet. Men kor mange er det som tek vare på omgivnadane sine for at det skal vere berekraftig for neste generasjon? Når alt kjem til alt vil ein ikkje kunne bruke pengane ein får frå førre generasjon om alle ressursar er oppbrukt.

I norsk bondekultur skal du gi garden din vidare i betre forfatning enn det du fekk han i. Med andre ord, det er ikkje så kontroversielt å ville bevare naturen og ressursar til framtidige generasjonar. Kvifor er det då så mange som blir opprørt no når barn og unge spør om nettopp dette?

Biodiversitet er nok eit ord ikkje alle har eit forhold til, men som alle kan sjå og oppleve. Biodiversitet er definert som mangfaldet av levande organismar, og det er mange grunnar til å bry seg om nettopp biodiversitet. Plantar, dyr og insekt har alle sine funksjonar som vi dreg nytte av. Vi treng plantar for å kunne fø menneske og dyr, og vi treng insekt for å kunne pollinere desse plantane som gjev oss mat.

Kristine Birkeli

Kristine Birkeli Foto:

Det er ikkje berre mat biodiversiteten har gitt oss, den har også bidratt med heilt livsnødvendige medisinar. Ein belgiar var i 1969 på ferie på Hardangervidda, der fant han ein sopp som han tok med seg heim. Den soppen gjorde at vi i dag kan drive med organtransplantasjon. Hadde det ikkje vore for ein annan sopp også så hadde vi ikkje hatt antibiotika til å ta knekken på sjukdommar som før var dødelege. Om vi fortsette med å redusere biodiversiteten slik vi gjer per dags dato, minskar vi sjansen for å potensielt kunne finne løysinga på ein sjukdom som er dødeleg no. Tenk om kreftgåta kunne bli løyst av ein sopp du har i skogen rett ved?

Det er altså mange grunnar til å bevare biodiversiteten, men desse grunnane har vore fordi vi som menneske kan tene på det. Kva med å bevare biodiversiteten berre fordi den har ein eigenverdi i seg sjølv? Pandaen er eit dyr vi alle har kjennskap til, men som svært få av oss har eit direkte forhold til. Denne svære bamsen har vore utryddingstrua fordi den har vanskar med å klare seg sjølv. Men vi menneske tok grep, og investerte store summar for å bevare denne arten. Ikkje fordi dette dyret påverkar kvardagen vår i stor grad, men fordi den sin eksistens har ein verdi. Vi menneske har høg nok intelligens til å sjå verdien i naturen rundt oss, og då ikkje berre den verdien vi kan tene på. Det burde difor vere moralsk riktig å investere tid og energi i å bevare biodiversiteten og utryddingstrua artar, sjølv om dei ikkje alltid er søte å sjå på.

Det er ingen tvil om at biodiversiteten går nedover, og dei største drivarane bak det er overforbruk og landbruk. Forsking syner at 8688 artar henta frå raudlista til the International Union for Concervation of Nature (IUCN) er trua av overforbruk og landbruk. Fellesnemnar for desse er at store område med eit yrande liv blir redusert til monokulturar med låg biodiversitet. Dette såg vi skje i ekstrem skala tidlegare i år i Brasil. Store landområde blei sett fyr på for å kunne drive meir kjøtproduksjon. Men det er ikkje berre ekstreme eksempel som er trugande for biodiversitet, kjøtproduksjon på lågare skala er også noko som truar.

Tal frå rapporten «Slik spiser vi opp jorda» frå 2016 gjort av Framtiden i våre hender syner at kjøtproduksjonen i Noreg er 4 gongar så arealkrevjande per tonn som produksjonen av vegetabilsk mat. Eg påstår ikkje at alle skal gå vekk frå å ete kjøt, sidan beitedyr er med på å bevare kulturlandskap i Noreg som i mange tilfelle har ein høg diversitet, men det er tydeleg at det kan skje ei endring i norske husstandar. Ved å redusere kjøtinntaket og endre matvanar er ein med på å bevare den naturen ein vil gje vidare til neste generasjonar. Ein kan også velje kjøttprodukt som krev mindre areal for produksjon om det er utenkjeleg å velje vekk kjøtet på middagstallerkenen.

Yngre generasjonar ønskjer å kunne vekse opp i og vidareføre det dykk i foreldre- og besteforeldregenerasjonen fekk vekse opp i, og det er på høg tid at dykk er med på endringa vi har sett i gang.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags