Venstre og jordbruksoppgjeret 2017

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarDet har ikkje mangla på kritikk frå dei raudgrøne etter at det var Venstre sitt forslag til jordbruksoppgjer som fekk fleirtal i Stortinget. Dessverre skyt kritikken langt over mål. Her er fakta i saka:

Venstre ønsker å verne om forhandlingsinstituttet. Difor bad vi partane finne saman igjen då det vart brot i jordbruksforhandlingane. Slik vart det dessverre ikkje, og regjeringa stod på sitt (for låge) tilbod på 410 millionar kroner i auke. Venstre vart deretter med på samtalar med dei andre opposisjonspartia for å sjå om det var mogleg å finne ei felles løysing. Det gjekk dessverre ikkje, mellom anna fordi dei raudgrøne partia og KrF insisterte på å auke målprisane utover det bøndene sjølv ønska – noko som i størst grad ville tent dei største bruka, og dessutan medført fare for overproduksjon.

I tillegg ville dei andre partia auke opp arealtilskota til grovforproduksjon i sentrale strøk, noko som ville vridd produksjonen i desse områda frå korn til husdyr, noko som igjen ville vore negativt for distriktslandbruket – til dømes i Sogn og Fjordane.

Sidan vi meinte regjeringa sitt forslag var for lågt, og dei raudgrøne sitt forslag gav for skeive utslag, valde Venstre å fremme vårt eige forslag i Stortinget til slutt. Det ser ut til å kanskje kunne få fleirtal. Der legg vi opp til ei ramme på 625 millionar kroner, pluss 130 millionar kroner frå Landbrukets utviklingsfond. Dersom ein i tillegg får kontroll på overproduksjonen innanfor svin og lam, noko som var ein føresetnad for inntektsmålet i jordbruksmeldinga, vil det gi ytterlegare 350 millionar kroner i auka inntektsmoglegheit. Til saman vil då bøndene få 26.000 kroner i inntektsauke neste år, d.v.s. at gapet mot andre grupper blir redusert med 10.000 kroner.

Dette vil medføre ei god lønsutvikling for bøndene, langt betre enn for andre grupper, og med vår profil på oppgjeret vil dei små- og mellomstore bruka komme best ut. Det er bra for bønder i Sogn og Fjordane.

Venstre ønsker ein sterk kornproduksjon på den beste jorda. Dersom ein forrykkar balansen mellom dei ulike produksjonane kan det føre til meir mjølk- og kjøtproduksjon i sentrale område. Det kan føre til nedbygging av verdifull matjord og reduksjons av dyrehald i distrikts-Noreg.

Dei fire siste åra har Venstre hatt ei hand på rattet i jordbrukspolitikken. Det har ført til høgare matproduksjon, høgare sjølvforsyningsgrad, færre konkursar og færre nedlagde bruk. Men det skal seiast: Dei bøndene som driv stort har komme betre ut enn dei som driv i mindre skala. Difor har vi vore opptekne av at dette jordbruksoppgjeret skal vere eit oppgjer der særleg dei små- og mellomstore bruka skal komme godt ut. Med Venstre sitt forslag til løysing så vil dei det. Eit forslag til løysing som dessutan gir større vekst for bøndene enn i tre av dei fire siste åra Senterpartiet styrte landbruksdepartementet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags