Skal me ale sau, eller skal me ale bjørn?

Landskapspleiar

Landskapspleiar Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Lesarbrev”Ska me ala sau, eller ska me ala bjørn?” Dette retoriske spørsmålet vart stilt frå Stortingets talarstol for meir enn eit halvt hundre år sidan. Svaret veit eg ikkje, men resultatet av debatten tyder på at det må ha vore noko Ole-Brum-inspirert, ”ja takk, begge deler”. At det då kjem til motsetnad mellom dei som har sitt levebrød knytt til husdyrhald, og dei som likar å vite at det går både bjørn, jerv, gaupe og ulv som ”tek ut” det som måtte vere tilgjengeleg av byttedyr kan vel ingen undrast over. Det skjønar vi vel alle, og det treng ikkje leggast i akademiske folder for å kunne nyttast som eit utgangspunkt for diskusjon om husdyr og rovdyrpolitikk. Vi kan vel vere samde om at ein del husdyr kvart år vert rovdyrmat, men kan gjerne vere usamde om talet. Flåsete vas om politikarar som har som siktemål å utrydde rovdyra er ikkje akkurat å rekne som invitasjon til å sjå framover.

Husdyr på beite er å rekne som mat- og råstoff-produsentar til nytte når dei ein gong vert avliva, og er soleis ein del av landet sin matvareproduksjon. Det gjev mat på bordet og klede på kroppen til mange, og det gjev inntekt til dei som driv med husdyrhald, til forprodusentar, veterinærar, kjøpmenn og serviceytarar av ulikt slag.

Om vi skulle velje det eine eller det andre, rovdyr eller husdyr, at t.d. grasetande husdyr skal vekk frå norsk natur vert det nok litt lenger mellom kjøtmiddagane på norske middagsbord, og mange arbeidslause. At det vil føre til massedaue og avfolking av landet er vel å gå litt langt, men det vert store endringar for mange..

Kva om vi fjerna alle rovdyra? Kor mange personar vil få sitt liv snudd opp ned på grunn av mangel på rovdyr i norsk natur? Kor mange har sett ein jerv, og kor mange vil sakne- og ynskje han attende om han vert borte, heilt borte. Det same kan ein spørje om når det gjeld andre rovdyr. Kan vi tru at berre det å vite at det tassar rovdyr rundt i norske skogar og fjell aukar livskvaliteten for dei som ikkje må bere tapa etter dei, eller skal dei vere der berre for det er ”kjekt å ha”. Kjekt for kven?

Dersom alle beitande husdyr vert fjerna frå eit område vil vel det vere det same som å fjerne ein del av matgrunnlaget for rovdyra i dette området. Rovdyrskader tyder vel på at rovdyra vil vere der maten er, og er lettast tilgjengeleg. Det er vel dette som er avgjerande for kva område rovdyra vil leve og yngle i. Bøndene vil ha dyra sine der det er best beitemark, og rovdyra vil vere der det er mest mat. Det kan fattast vedtak som hindrar bøndene å nytte visse beiteområde, men det kan ikkje fattast vedtak som hindrar rovdyra i å ”beite” utanfor tildelt område. Løysinga vert å flytte grensene etter kvart som rovdyra treng og tek over utvida område. Dette kan til slutt ende med at det ligg ein ulveflokk på tunet og ventar på at hunden vert slept ut, for mat må dei ha. Rovdyr set vel ikkje opp sin meny etter vedtak, dei drep det dei må for å overleve lengst mogeleg. Flokkar med laushundar i USA har alt oppdaga at menneske er eit enkelt og næringsrikt bytte, og sjølv om det enno er mykje å ta av så er det kanskje ein start på det vi kan vente oss om vi vel å ”ala bjørn” og alle andre slags store rovdyr.

Eg er gamal nok til å hugse at ei litt finare bergensdame med hund i band og osande kjenneteikn nærmast kom krypande gjennom brev til ein onkel som var bonde. Det var ei levande skildring av matmangelen i byen, og at dottera skulle gifte seg. ”Men du onkel Hans vet nok sikkert en råd. Du kan vel slakte et eller annet”. Truleg var det ikkje bjørn, ulv, jerv eller gaupe ho ynskte seg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags