Gå til sidens hovedinnhold

Fattigbønder og kamp for jord

Artikkelen er over 3 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Mennesket må produsere eit materielt grunnlag som samfunn kan byggjast på. Korleis skal dette grunnlaget vere eigd, og kva vilkår skal dei som gjer det produktive arbeidetha? Dette er eit stort stridsspørsmål gjennom historien.

Tiberius og Gaius Graccus

Etter ein sterk vekstperiode hadde romarane lagt under seg mange nabofolk og mykje jord. Dei rike slektene i Roma tileigna seg mesteparten av den erobra jorda medan pensjonerte romerske soldatar og mange andre mangla jord å leve av. I år 133 før år null vart Tiberius Graccus vald til folketribun I Roma, ei stilling som gav han makt til å ivareta interessene til vanlege folk. Han tok med kraft tak i den store oppgåva å skaffe fattigfolk jord. Tiberius var ein framifrå folketalar; «Dei ville dyra som streifar omkring I Italia, har sine hular og sine kvilestader. Men de menn som kjempar og døyr for Italia, nyt ingenting anna enn luft og lys; Utan hus eller heim vandrar de omkring med ektefelle og barn.» Folk slutta opp om Tiberius, og dei store jordeigarane fekk han drepen. Broren, Gaius Graccus, vart vald til folketribun i år 123. Han tok opp att kampen for å få delt ut jorda dei mektige slektene hadde rana til seg. Leiande krefter i Senatet fekk han, liksom broren Tiberius, likvidert. Nokre tusen av dei som følgde Gaius, vart slakta ned. Og jorda vart verande hjå dei rike.

Den franske revolusjon

Folket var delt i tre stender; Dei geistlege utgjorde førstestandet, adelen andrestandet. Berre to prosent tilhøyrde desse to. Resten var tredjestanden. Frankrike var eit særrettssamfunn, eit privilegiesamfunn. Dei geistlege og adelen hadde einerett til alle viktige stillingar. Dei betalte ikkje skatt, medan bøndene betalte 50 prosent. Adelen, kyrkja og kongen eigde mykje av jorda. Då revolusjonen kom i gang i 1789, braut bøndene seg inn og øydela dokumenta som fastla privilegia jordeigarane skulle ha. Bøndene var pliktige til å bruke og betale for bruken av vinpresse, bakaromn og avlsokse jordeigarane eigde. Revolusjonen fjerna alle privilegium. Bøndene hadde fått eit tryggare liv. Revolusjonen tok slutt, men bøndene beheldt mykje av det dei oppnådde under revolusjonen.

Den russiske revolusjon

I Russland eigde adelen og tsaren mykje av jorda. Og dei eigde bøndene som arbeidde på deira jord. Bøndene budde i landsbyar og kunne ikkje forlate landsbyen utan løyve. Denne liveigenskapen vart det slutt på i 1861. Russland leid store nederlag i første verdskrigen, 1914–18. Under presset av krigen kollapsa mykje av samfunnsstyringa. Då revolusjonen starta i 1917, deserterte millionar bondesoldatar og reiset heim. For dei høyrde at no var det kaos, og at bønder berre tok over jord dei hadde dyrka. Bønder i Russland var ei stor kraft både i revolusjonen og som arbeidskraft i industribyane som vart bygde. Og jordbruket vart omorganisert med store kollektivbruk.

Den kinesiske revolusjonen

Kina var eit føydalsamfunn. Fattigbøndene utgjorde eit stort fleirtal av innbyggjarane. Dei store jordeigarane hadde kontrollen med mesteparten av jorda og var den klart sterkaste delen av overklassen. Frå 1927 organiserte kommunistpartiet kamp mot jordeigarane. Mao Zedong kartla korleis jorda var eigd i nokre område og konkretiserte kor mange fattigbøndene var og kor lite jord dei hadde. Mao såg styrken i den fattige bondebefolkninga og hamra inn kva følgjer denne forståinga måtte ha for kommunistpartiet sin politikk. Kjernen i hans politikk formulerte han kort: Ha full tillit til fattigbøndene! Organiser dei! Presidenten i Kina, Chiang Kai-shek, bygde makta si på overklassen, særleg dei store jordeigarane. Han var difor konsekvent imot å late fattigbøndene få jord. Der kommunistane tok over kontroll og styre, delte dei jorda til bøndene som arbeidde på den. Krafta i fattigbøndene avgjorde borgarkrigen i Kina, der kommunistpartiet tok full kontroll i 1949. Mao Zedong utvikla ein ny måte å forstå kreftene i eit samfunn ved å framheva krafta i bondemassane.

Vietnamkrigen

Frankrike var kolonimakt i Vietnam frå 1880-talet til 1954 og samarbeidde med dei store jordeigarane. I 1930 dyrka leigebøndene 80 % av jordbruksarealet. Ei reform etter 2. verdskrigen, som gav jord til dei som dyrka den, ville ha minska spenningane i det vietnamesiske samfunnet. Og vi ville mykje truleg ikkje fått Vietnam-krigen. Etter at USA leid nederlag og måtte trekkje seg ut i 1975, vart Vietnam samla. Korleis jorda skal eigast og drivast er framleis eit politisk stridsspørsmål i Vietnam.

India

Jan Myrdal og Gun Kessle gav ut i 1980 ut boka «Indien väntar». Myrdal hadde gjennom tjue år reist i store deler av India. Tittelen spelar ikkje minst på at landet, der fleire hundre millionar er fattigbønder, i hans analyse venter på ein jordbruksrevolusjon med ny fordeling av jord. Sidan 1980 har titals millionar av dei vorte drivne bort frå landsbygda, og vi finn no storparten av dei i slummen i storbyane. I aukande grad er jorda eigd av dei rike.

Columbia

Landet har levd gjennom fleire tiår der geriljarørsler har hatt kontroll over store jordbruksområde. Regjeringa og geriljaen Farc har inngått avtale om slutt på krigen mellom dei. Regjeringa har forplikta seg til ei stor jordreform. Men så langt er lite av den reforma realisert.

Langtidsutleige av jord

I mange land vert store jordareal utleigde for ei viss tid, i fleire tilfelle for 99 år. Leigetakarar er både storselskap og statar. Nokre døme: Quatar leiger 400 000 mål i Kenya, Sør-Korea leiger jord på 99-års kontrakt på Madagaskar, indiske storselskap leiger jord i Etiopia. Leigarane skal ikkje produsere mat for dei som bur i området, men for eksport til verdsmarknaden.

Fattigbøndene og framtida

Sjølv om der i vår tid vert produsert mykje større verdiar utanfor enn innanfor jordbruket, står framleis desse spørsmåla sentralt: Kven skal bestemme over bruken av jorda? Og kva vilkår skal dei som gjer det produktive arbeidet på jorda, ha? Fattigbøndene er i dag den klart største yrkesgruppa i verda. Storparten av dei er kvinner, og dei produserer mat til ein stor del av befolkninga på jorda. Fleire og fleire skjønar at jorda treng ei stor grøn omvelting. Til ei jord som skal vere sunn og grøn om fleire hundre år. I den utviklinga må fattigbøndene i alle dei land ha ein sentral plass. Det krev meir makt til fattigbøndene. Men for tida går utviklinga i feil retning; jord vert meir og meir ei handelsvare som pengemakta investerer i og driv for å oppnå høgast mogeleg profitt. Bruka vert større og færre, og dyrkingsmåtane svekkjer livskrafta i jorda. I denne retninga ser vi inga grøn framtid.

Kommentarer til denne saken