La natur og friluftsliv få bløme på Bremangerlandet

Helene Ødven

Helene Ødven Foto:

Av
DEL

Debatt 

Bremanger kommune står opp for lokalbefolkninga og naturen når dei seier nei til vindkraft på Bremangerlandet. Det skal vi vere veldig takksame for. Dei har stått under sterkt press frå Sogn og Fjordane Energi (SFE). Formannskapet har vedtatt med fleirtal at dei ikkje ønskjer å gi dispensasjon frå arealplanen til vindkraftindustri. Andreas Thon Aasheim i Norwea dristar seg likevel til å drive propaganda i Firdaposten 12. juni 2020 når han skriv at dette er eit svært godt prosjekt.

Det seier seg sjølv at dette ikkje er eit godt prosjekt når Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) avslo konsesjonssøknaden, og deretter avviste klagen. NVE skreiv i 2015 at «de viktigste negative virkningene av tiltaket er knyttet til til landskap og friluftsliv». Dei skriv vidare; «Det har vært tungtveiende at det foreligger flere konsesjoner for vindkraftutbygging i regionen. Dersom samtlige prosjekter med konsesjon i regionen blir realisert, vil de samlede virkningene bli store. Etter NVEs vurdering vil Bremangerlandet vindkraftverk bidra til å forsterke de samlede visuelle virkningene i regionen ytterligere». Det var SFE som klaga på avslaget, og saman med fylkeskommunen og Vindkraftforum klarte dei å få Olje- og energidepartementet (OED) til å gjere om avslaget. Kommunen klaga ikkje.

Vindkraftanlegg er uforeinleg med friluftsliv og reiseliv, med opplevinga av storslegen natur og landskap. Desse verdiane blir viktigare for kvar dag som går, for kvart tap naturen lir. Alle natur-og friluftslivsorganisasjonane i Noreg er imot vindindustri på Bremangerlandet, og det er også dei store reiselivsorganisasjonane. No ser det ut til at vi har tapt både Lutelandet i Fjaler, Guleslettene ved Florø, Hennøy i Bremanger og Okla på Stadlandet, for å nemne nokre stader i Vestland fylke. Bremangerlandet kan vi berre ikkje miste.

Eit stort problem er at natur- og friluftslivsverdiar ikkje kjem med i reknestykket og vert lite vektlagt. Verdien av naturen på Bremangerlandet er kr. 0,-., og det er vår nasjonale skatt og reisemål?! I ettertid har vi dessutan fått ny kunnskap. Om myrlandskapet som ved ei utbygging kjem til å avgi enorme mengder med drivhusgassar. Om viktige fugletrekk som går rett over området der anlegget er planlagt. Det er mykje å ta inn over seg.

Vi ber eigarkommunane til SFE om å vise solidaritet med Bremanger kommune og ta vare på verdfull natur og viktige friluftslivsområder. La oss saman be SFE om ikkje å krevje statleg plan på generalforsamlinga på onsdag. Vi må ta vare på Bremangerlandet for komande generasjonar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken