La ikkje Sogn og Fjordane bli eit monument over ei havarert regionreform

LØFTEBROT: - Dei nye regionane har ikkje fått tilført nye oppgåver slik dei vart lova, skriv Sander Solheim. Foto: privat.

LØFTEBROT: - Dei nye regionane har ikkje fått tilført nye oppgåver slik dei vart lova, skriv Sander Solheim. Foto: privat. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I skrivande stund er det berre litt meir enn eit år igjen til neste stortingsval. Eit val som er ei moglegheit til å endre kursen, og få landet og distrikta våre på rett kjøl igjen. Det er også eit val om korleis fylket vårt skal sjå ut.

Eit fleirtal på Stortinget, beståande av Høgre, Venstre, KrF og Frp, har denne perioden gjennomført ei regionreform. På grunn av det har mange av oss no i over eit halvt år budd i nye storfylker. Til tross for det, har dei færraste av oss fått sagt kva vi meiner. Fylkestinget i både Viken og Troms og Finnmark har allereie fleirtal for oppløysing av dei nye fylka. Den moglegheita vil dei få, dersom valet neste år gjev eit nytt fleirtal på stortinget. Den moglegheita både har og fortener innbyggarane Vestland òg.

Før samanslåinga kom det lovnadar om nye oppgåver og nye midlar til regionane. Det var ingen grense for kor bra alt skulle bli. Ein kan spørje seg, kvar blei det av alt dette? Forsvann det saman med livsgnista i regjeringssamarbeidet mellom Høgre, Frp, Krf og Venstre? Eg har ikkje sett verken nye oppgåver eller midlar som er noko særleg å skryte over til no, og er slutta å tru på at dei kjem.

Inntrykket ein sitt igjen med idag er at den einaste grunnen til at fylkeskartet ser ut som det gjer, er at det er det einaste Høgre og Frp som ikkje vil ha fylkeskommunar i det heile teke og to parti som vil ha større fylker Venstre og Krf kunne bli einige om. Venstre og Krf fekk nye regionar, i byte mot sitte fint i ro å tiltalte Høgre og Frp å bruke tvang i kommunereforma.

Eit halvt år etter at regionreforma trådde i kraft, ser vi eit Frp som har forlatt regjeringa, eit Høgre som tviheld på reforma for å unngå og tape ansikt, eit Venstre som er i ferd med å ramle ut av Stortinget og eit Krf som ser ut til å ha mista taleevna om saka.

Dersom ein held fram som eit Vestland, etter at Viken og Troms og Finnmark vert oppløyst og heile regionreforma havarerer, risikera Sogn og Fjordane å ende opp som eit slags rart monument over Høgreregjering sin feilslegne politikk. Vi vil gå frå å vere eit veldrive og særs godt fungerande fylke, til å verte ein utkant i eit Høgreskapt-gigantfylke kor kjøtvekta ligg i Bergen. Det einaste ein har oppnådd er flytting og sentralisering av makt og tenestar.

Det kan ikkje innbyggarane i Sogn og Fjordane akseptere! Vår store moglegheit til å ta tilbake kontrollen, makta og styringa av framtida til framtidsfylket Sogn og Fjordane kjem i 2021! Då må folket si meining bli høyrt og akseptert. Det er enno ikkje for seint, men ein treng at folket engasjera seg i saka. Kampen for Sogn og Fjordane skal halde fram!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags