Støyva og kyrkjevalet

Førde kyrkje.

Førde kyrkje. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

MeiningarNils Petter Støyva løfter i lesarinnlegg i Firda 10.9. opp det komande kyrkjevalet som særs viktig.  Det er eg samd i. Kyrkjevalet er viktig!

Eg siterer frå Støyva: «Kampen står om kyrkja framleis skal vere ei open og inkluderande folkekyrkje eller om den skal bli snevra inn til ei smal og homogen gruppe av folk som tenkjer heilt likt.»

Det er ein dryg påstand frå ein røynd politikar. Er det slik å forstå at det ikkje er rom for andre syn enn Støyva sitt syn? Han viser til ekteskapssaka som kanskje skal opp til ny handsaming av det komande Kyrkjemøtet.

Fleirtalet i Kyrkjemøtet 2014 gjekk inn for at kyrkjeleg vigsel framleis skal vere for mann og kvinne og opna ikkje for vigsel av likekjønna. Dette synet er tufta på Bibelen, på  mor-far-barn-relasjonens særstilling og er eit syn som rår i så godt som alle verdas kyrkjesamfunn.

Alle vi som står for dette synet og ikkje deler Støyva sitt syn, er vi då ein del av ei snever, smal homogen gruppe av folk som tenkjer heilt likt? Har du sett deg inn i meiningsmangfaldet i kyrkja, Støyva, eller fell du for å bruke lettvinte karakteristikkar av dine meiningsmotstandarar?

Vidare skriv Støyva om at kyrkja sjølv utnemner biskopar etter skiljet frå staten. Sitat: «Etter at kyrkja fekk retten til å utnemne biskopar har det blitt utpeika tre godt vaksne, konservative menn. Dette er ein trend som må brytast dersom ein vil ha ei open og inkluderande folkekyrkje.»

Ja, sjølvsagt utnemner kyrkja no leiarane sine, og det skjer etter grundige og demokratiske prosessar.

Støyva argumenterer for kva kandidatar han vil rå til at ein stemmer inn i bispedømmerådet dersom ein skal få ei kyrkje som ikkje diskriminerer etter kjønn eller legning.

Det strir mot norsk lov å diskriminere etter kjønn, legning, rase eller religion. Difor er det viktig å halde fram kva Menneskerettsdomstolen har sagt om dette. I tre ulike saker har domstolen prøvd om det er diskriminerande av ein stat å definere ekteskapet som ein institusjon for mann og kvinne. Domstolen konkluderte alle gongene med at det ikkje er diskriminering.

Støyva har full rett til å argumentere for sitt syn, men eg saknar respekten for andre syn enn hans eige. 

Godt val!

Støyva har full rett til å argumentere for sitt syn, men eg saknar respekten for andre syn enn hans eige. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags