Kyrkjevalet 2015

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevVal til bispedømerådet. Etter mitt syn er standpunktet om at kyrkja skal vigsel likekjønna ein klar og viktig peikepinn på om kyrkja skal vere inkluderande og for alle med eit kristent livssyn i trua på dei gode tankar og gjerningar. Derfor håpar eg at alle som ynskjer at Den Norske Kyrkja skal utvikle seg i pakt med den tida vi lever i hugsar å stemme ved kyrkevalet 14. september. I lista til bispedømerådet er det fem kandidatar som er klart for vigsel av likekjønna. Desse er:

nr 2 Nora Sætre Baartvedt
nr 3 Karl Johan Kirkebø
nr 7 Liv Rønning Ågotnes
nr 8 Ida Lindøe
nr 9 Vemund Øiestad

Skal DNK vere ei inkluderande open folkekyrkje i framtida er det viktig av vi vanlege medlemer i kyrkja engasjerer oss for at kyrkja skal bli mest mogeleg folkeleg og inkluderande i tråd med eit oppriktig kristent livssyn.

Meir informasjon om kandidatane til bispedømevalet finn ein på https://kirken.no/nn-NO/bispedommer/bjorgvin-bispedome/forsideoppslag/kandidatlister-kyrkjevalet-2015/

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags