Ja eller nei til kristen dåp

Ingvald Andersen Frøyen

Ingvald Andersen Frøyen Foto:

Av
DEL

Meiningar 

På Firda-nett og i papirutgåva torsdag 25. april står det ein artikkel om dåp i kyrkja og den endringa som finn stad i heile Noreg, med at mange foreldre vel å ikkje døype borna sine.

Ole Alexander Hamre er intervjua, og eg har ikkje vanskeleg med å forstå kvifor han og sambuaren, Charlotte Berg, valde å ikkje døype guten sin i kyrkja. Som utmelde av kyrkja vil det jo vere heilt unaturleg for dei å velje kristen dåp. Dei valde i staden humanistisk namnefest. Som sokneprest i Førde forventar eg ikkje at dei som ikkje er medlemmer skal døype borna sine i kyrkja.

Det eg likevel vil påpeike ut frå artikkelen er tre ting:
1. Alle foreldre tek viktige val på vegne av barna sine. Å velje humanistisk namnefest er også eit verdival. Å velje å ikkje døype borna i det heile er også eit val. Ein kan difor ikkje seie at ein «let barna finne ut av det sjølv», for ein har allereie teke eit val for dei. Å ta val på barna sine vegne er noko alle foreldre gjer heile vegen.

2. Er det eit faktum at vi som er kristne og døyper borna våre har mindre rom for «kritisk tenking» enn dei som vel å stå utafor kyrkja og ikkje døyper borna sine? Eg har høyrt det mange gongar, men kjenner på meg at det vert for enkelt å berre seie det slik; at den som vel kyrkjeleg dåp eller kyrkjeleg konfirmasjon «ikkje tenkjer sjølv», medan dei som vel borgarleg konfirmasjon eller humanistisk namnefest er tenkande menneske. Sanninga er vel at vi i alle leire har meir eller mindre aktive medlemmer, - så lat oss leggja vekk desse merkelappane.

3. Det som bekymrar oss i kyrkja frå den landsdekkande statistikken vår, er at fleire og fleire foreldre som står som medlemer i kyrkja vel å ikkje døype borna sine, sjølv om dei altså er døypte sjølv og er medlemmer i kyrkja. Dette utfordrar oss til å vere sjølvkritiske og spørje; Kvifor?
Har vi som kyrkje vorte usynlege? Oppfattast vi som irrelevante for unge menneske i dag? 
Som sokneprest i Førde må eg ta dette inn over meg og la meg utfordre, og eg tek gjerne imot både gode råd og innspel frå dei over 10.000 medlemmene av kyrkja vår her i Førde.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags