Kvinner er gull for landbruket

LIKESTILLING: Det vert snakka mykje om likestilling og inkludering av kvinner, særleg i samband med kvinnedagen. Vi burde kanskje snakke meir om dette, også i relasjon til landbruket, skriv artikkelforfattarane. Her .Høgre sitt Landbruksnettverk,   Guro Angell Gimse, Margunn Ebbesen, Ingunnø Foss, Ingjerd Schou, Margret Hagerup, Elin Agdestein, Torill Eidsheim, Anne Kristine Linnestad, Kristin Ørmen Johnsen, Bente Stein Mathisen, Lene Westgaard-Halle, Solveig Sundbø Abrahamsen, Tone Wilhelmsen Trøen.

LIKESTILLING: Det vert snakka mykje om likestilling og inkludering av kvinner, særleg i samband med kvinnedagen. Vi burde kanskje snakke meir om dette, også i relasjon til landbruket, skriv artikkelforfattarane. Her .Høgre sitt Landbruksnettverk, Guro Angell Gimse, Margunn Ebbesen, Ingunnø Foss, Ingjerd Schou, Margret Hagerup, Elin Agdestein, Torill Eidsheim, Anne Kristine Linnestad, Kristin Ørmen Johnsen, Bente Stein Mathisen, Lene Westgaard-Halle, Solveig Sundbø Abrahamsen, Tone Wilhelmsen Trøen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Har du nokon gong høyrt uttrykket gardskjerring? For mange eit heidersuttrykk, men for andre ei stor kjelde til frustrasjon. Kanskje spesielt for dei som driv som bonde, og i tillegg har den ekstra merkelappen at dei er kvinne. Ein mann som driv gard vert utelukkande omtalt som bonde, og det same burde vel gjelde for kvinner?

Det vert snakka mykje om likestilling og inkludering av kvinner, særleg i samband med kvinnedagen. Vi burde kanskje snakke meir om dette, også i relasjon til landbruket. Av alle som driv gardsbruk i Noreg, er det kun 16 prosent kvinner, og i heile verdikjeda rundt landbruket er over 90 prosent menn. Vi er overbeviste om at ei jamnare kjønnsfordeling vil vere ein styrke i landbruket, og ønskjer ein breiare debatt om dette temaet.

I anledning kvinnedagen, inviterte Høgre sitt landbruksnettverk på Stortinget bygdeforskar og førsteamanuensis i sosiologi, Hilde Bjørkhaug, frå NTNU til samtale. Tema var sjølvsagt korleis vi kan få fleire kvinner inn i landbruket, og kva hindringar som eventuelt kan føre til at kvinner vel vekk dette yrket.

Det finns både strukturelle og kulturelle grunnar for at kvinner ikkje deltek i større grad. Tradisjonelt har landbruket vore mannsdominert, og både menn og kvinner er under eit stadig press om å passe inn i det som til eikvar tid vert oppfatta som feminint og maskulint. Tidlegare generasjonar har gjerne, i beste meining, gitt råd til sine døtre om at bondeyrket er for tungt. Konsekvensen har ofte blitt at gutane har tatt over ved generasjonsskifte. I politikken har vi komme eit godt stykke på veg i likestillinga. I alle delar av samfunnet har vi enda gamle strukturar og kulturar, men landbruket heng framleis litt etter. Vi bør rett og slett snakke meir om dette.

Bjørkhaug understreka viktigheita av at fleire kvinner vert løfta inn i landbruket. Vi treng mangfaldet og gevinstane det gir. Vi ser at fleire kvinner i landbruket har bidratt til ei enorm auke og stor suksess innan lokalmat, økologiske varer, grøn omsorg og helse og utdanningstilbod på gardane. Dette har vore viktige inntekter for landbruket og har gitt bonden fleire bein å stå på. Det finns mange gode rollemodellar i landbruket allereie og vi skal ikkje gløyme å løfte fram alle dei dyktige bøndene vi har rundt omkring i landet. Dei banar veg for morgendagens bønder, og er viktige rollemodeller for den oppveksande generasjonen som seinare skal ta viktige yrkesval.

Visste de at kvinnelege bønder i langt større grad tek med seg mannen i arbeidet, slik at det blir fleire aktive bønder på garden? Det kan vere med på å skape eit levande og aktivt landbruk i heile landet. Vi treng vidare utvikling, innovasjon og forvaltning av norsk matproduksjon.

Høgre sitt landbruksnettverk møter stadig stolte ambassadørar og hardtarbeidande bønder som står på for å sikre oss den beste maten. Trygg, rein og god mat, produsert med god plante- og dyrehelse. Driftige bønder, kvinner og menn.

Til slutt har vi to gode tips på vegen, som vart plukka opp på Nationen sin konferanse om kvinner i landbruket og som er relevante for alle:
- blir du spurt om å ta på deg verv, sei ja. Då har nokon alt vurdert at du har den kompetansen som trengs.
- Meld deg sjølv som aktuell for styreverv, jobbar og posisjonar og vis interesse.

Det kan opne for uante mogelegheiter.

Vi håpar fleire kvinner vel eit spanande og viktig yrke som bidreg til mangfald og aktivitet i heile landet. Grip mogelegheita! Landbruket treng dykk!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags