Kvar skal hettemåsen bu når våren kjem?

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.«I sørlege delar av Løken er det ein hekkekoloni med hettemåsar. Hettemåsen nyttar pr. i dag dei nordlege delane til næringssøk. Bestandsutviklinga til hettemåsen er svært negativ og denne hekkelokaliteten er ein av dei siste attverande i Sogn og Fjordane. Dette er sky fuglar som må ha eit uforstyrra og «trygt» område for å hekke og bringe arten vidare. I tillegg er det også registrert mange andre nært truga fugleartar i/ved Løken og Indre Øyrane».

Dette skulle ein tru kom frå ein fugleelskar, men eg har saksa det frå pkt. 6.5, s. 17 i Vegvesenet sin Planomtale for tiltak 12 i Førdepakken. (https://www.vegvesen.no/_attachment/2108142/binary/1225988?fast_title=Planomtale.pdf). Dette 65 siders skrivet er verdt eit besøk.

Hettemåsen er berre ein av bebuarane i Løken. Her står mykje om det unike naturlandskapet: «Kroksjøen Løken, ........, er i dag eit våtmarksområde med rikt fugleliv. Området er viktig som landskapselement» (s. 15) «Lokaliteten får samla sett verdi svært viktig (A) sidan dette er den einaste større brakkvassmeandaren som er att i midtre og ytre strøk av fylket» (s. 17).

«Omsyn til verdifull fauna/flora skal varetakast» (s. 3) " … veksestad for sjeldsynte planteartar og har stor verdi for våtmarksfugl» (s. 13) " … raudlista pusleplantar dvergsivaks og firling …". (s. 17). «Naturområdet Løken skal ligge slik det gjer i dag, ........." (s. 15). Etter all denne flotte naturskildringa formidla av Vegvesenet har dei konkludert med å legge ei 80 m lang og 20 m brei bilbru over. Brua skal vere så flat at den treng støtte på midten. Det skal ordnast med ein diger betongkonstruksjon.

Der er mange bilde, kart og skisser i dokumentet. Hekkeområdet er inntegna på eit luftfoto (s. 17). Brua er inntegna på eit kart (s. 25). Brua ligg langs kanten av hekkeområdet.

Om det vert konflikt i anleggsperioden finst her roande forslag: "• Om mogleg ha opphald i byggjeperioden i Løken når det er hekking» (s. 45). Er det nokon som trur at Magne Hafstad vil finne det mogeleg å stogge gravemaskinane sine? Men om det likevel var mogeleg? Ville det hjelpe?

Vi kan tenke oss ein kar som skal bygge hus på tomta si. Det er berre det at bilvegen skal leggast attåt tomtegrensa. Ta det ro med seier vegvesenet. Vi tar pause så du kan bygge huset i fred. Deretter fortset vegbygginga. Tomta har vorten verdilaus og ubrukeleg til bustad for all framtid. Mannen får pengar.

Kva får hettemåsen? Er det nokon som trur at den sky skapningen vil hekke kloss i biltrafikken i eit avgrensa landskap han ikkje kjenner seg att i? Det trur ikkje vegvesenet heller: «Det er svært usikkert om hettemåsane finn nye reirlokalitetar her eller andre stader i Løken når alt er ferdig bygd» (s. 44).

Vegvesenet er innom Naturmangfaldsloven (NML) § 9 om føre-var-prinsippet: " … Det kan her vere tale om delvis irreversible skader, særleg når alle inngrepa i området vert sett samla …" (s. 45). Dette språket kallast vegvesensk. Omsett til vanleg norsk lyder det: Det vert irreversible skadar.

Her er meir vegvesensk: «Det er viktig å forme ut kryssingar av elvelandskapet med tanke på å bevare faunaen og dei grøne verdiane og samstundes integrere / aktivere desse som identitets skapande element i byen.» (s. 35). Dette let seg ikkje omsette til vanleg norsk.

Enda meir vegvesensk: " … er det ein viss fare for at inngrepa samla sett er i konflikt med forvaltningsmåla i § 4 (naturtypar og økosystem) og §5 (artar) i naturmangfaldlova.» (s. 45). No nærmar det seg forståeleg norsk. Er det berre eg som finn denne tilståinga oppsiktsvekkande?

Vi menneske breier oss ut på beksotning av våre medskapningar. Heldigvis har vi vortne litt mindre omsynslause enn vi var for 50 år sia. NML er vedtatt. Mentaliteten vår har endra seg litt, men det går tregt.

Med stort fleirtal vedtok kommunestyret i gamle Førde i 2017 Vegvesenet sin Førdepakke inkludert tiltak 12. Fleirtalet fann tydelegvis saksutgreiinga påliteleg, grundig, lovriktig og logisk må vite. Vegvesenet er til å stole på. Vegvesenet veit best.

Brua er unødvendig, kostbar og miljøfiendtleg.

Hettemåsen vart ikkje spurt. Og kvar skal han gjere av seg til våren?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken