Kvalitet må komme først

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

No er det debatt om grendeskulane igjen.

Skulen bør først og fremst vere skule. Ein god skule. Og ikkje eit grendehus, som alltid kjem opp i desse debattane. Det er eit faktum at mange små skular slit med å skape gode læringsmiljø, både sosialt og fagleg, sjølv om grendeskuleforkjemparane som oftast nektar å ta dette inn over seg.

Det kan vere vanskeleg å få lærarar til å søkje seg til små skular. Som dei fleste av oss trivst dei best i litt større og stimulerande fagmiljø. Skal vi skape ein god skule må vi ha dei beste lærarane. Og kva med han sjuandeklassingen som berre har svært få jamaldrande han kan snakke med i friminutta? Det sosiale miljøet er viktig for god læring.

Når det gjeld deg økonomiske, er sikkert kommunen villig til å ha skular i kvar ei lita grend dersom nokon er villige til å betale for det. La oss sei at kommunen aukar eigedomsskatten til eit par prosent. Då er i alle fall dei økonomiske utfordringane rydda av vegen. Men vi sit framleis att med dei andre utfordringane.

Skulen er ein stor arbeidsplass, limet i bygda, skulen hindrar fråflytting, midtpunkt i bygda. osb. Det aller viktigaste spørsmålet bør vere korleis skape ein best mogeleg skule for elevane. Når elevtalet kjem ned til ei viss grense blir det svært utfordrande. Det alle viktigaste fokuset bør vere på kvalitet.

Senterpartiet er sterkt i Sunnfjord. Då fryktar eg at vi nok ein gong kjem til å oppleve at ressursane blir smurt tynt utover, for å tilfredsstille alle, med det resultat at alle skulane i kommunen kjem til å få litt mindre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken