Kva med eldreomsorga i Sunnfjord Kommune?

Sjuke og unge eldre med omsorgsbehov bur heime i Sunnfjord kommune, skriv Kjell Sandnes, leiar i Førde Pensjonistlag.

Sjuke og unge eldre med omsorgsbehov bur heime i Sunnfjord kommune, skriv Kjell Sandnes, leiar i Førde Pensjonistlag. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Torsdag 1. oktober er den internasjonale eldredagen. FN sitt tema i år er blant anna å ha merksemd på behovet for god helse og livskvalitet for alle, uansett alder.

Eg ønskjer å sette fokus på dette punktet og knytte det til budsjettsituasjonen i Sunnfjord Kommune. Slik det er framstilt i media, verkar det som ein gjennom store investeringar har sett kommunen i ein situasjon som gjer det vanskeleg å tru at velferd for både unge og eldre er sikra.

Eg oppfatta før samanslåinga av kommunane at det låg økonomisk gevinst i dette. Administrativt skulle det bli pengar å spare, og pengane skulle i staden gå til velferdstenester for innbyggarane. Ein lik standard av god kvalitet for alle. Dette var tonar som eg no ikkje finn igjen i uttalane frå administrasjon og politisk hald. I staden er det innsparingskrav på fleire titals millionar kroner i komande fireårsperiode og trussel om statleg økonomisk tvangsstyring av den nye kommunen, som fyller referata i media.

Eg vil ha fokus på eldrepolitikk, men er oppteken av at grunnlaget for god eldreomsorg ligg i eit variert arbeidsliv med arbeidsplassar til alle, gode barnehagar og SFO med lågast mogeleg foreldrebetaling. I tillegg er gode skular med godt utdanna lærarar og plass for utvikling av gode læremiljø. Dette krev kommunale inntekter, økonomistyring og forvaltning som sikrar offentlege etatar stabil og føreseieleg økonomi.

Eit samfunn med godt oppvekstmiljø for born og unge og eit mangfaldig og framtidsretta arbeidsliv, vil også vere eit godt samfunn for oss eldre.

I reforma «Leve heile livet» er det fine ord og gode tankar. Men det mest konkrete eg får ut av denne reforma til no i alle fall, er ropet om stor dugnadsinnsats i eldreomsorga. Dugnad er bra, og det vil vi gjerne vere med på, men den har truleg avgrensa tilgang og må sjåast som eit supplement til det offentlege tenestetilbodet, ikkje som ein del av det. Førre generasjon dreiv eldreomsorg på dugnad i heimane; det vil vi ikkje tilbake til.

Sunnfjord Kommune har vidareført tanken om at innbyggjarane skal bu heime så lenge som råd. Det er også i tråd med nasjonale retningslinjer. Som følge av dette er offentlege institusjonsplassar redusert. Dette medfører at fleire sjuke og unge eldre med omsorgsbehov bur heime.

«Bu lengst mogeleg heime» tanken er god, men det vil alltid vere behov for institusjonar og plassar for heildøgns pleie. Tal på utbygging av nye institusjonsplassar har vore under behovet i mange år. Samstundes er det eit viktig poeng at langtidsplassar må vere nær opphavleg heim, ein tanke som heldigvis har fått gjennomslag i den nye kommunen.

Eg er usikker på om det politiske og administrative apparatet ser at det dei har spart på å ikkje bygge institusjonsplassar, må nyttast til kvalitet i heimetenesta og kommunehelsetenesta.

Velferdsteknologi er eit felt i utvikling også i Sunnfjord Kommune. Brukt i fornuftig grad er dette positivt både for pasientar og pårørande. Vi føreset at moglege innsparingstiltak som følge av velferdsteknologi kjem eldre til gode i form av betre kvalitet og ikkje blir tatt ut ved redusert bemanning.

Før kommunesamanslåinga var det ulike modellar for helsetenester i kommunane. Det er krevjande å gjennomføre ein felles struktur og felles kultur. Ikkje minst er det krevjande å sikre at alle har eit godt tilbod. Fagnivået var ulikt. Vi bad på førehand om at nivået for alle måtte vere på nivå med den beste. Eg er usikker om det er blitt realiteten.

I den nye kommunen er det gjennomført funksjonsfordeling av tenester og institusjonar. Eg føreset at dette er gjort utifrå faglege vurderingar meir enn økonomiske. Eg vil minne om at i alle delar av eldreomsorga trengst det fagkompetanse, spesialkompetanse og høve til å halde kunnskap ved like og oppdatert. Det held ikkje på sikt med landsomfattande klapping når krisene toppar seg. At institusjonar har nok grunnbemanning, rett fagkompetanse og gode arbeidsmiljø er avgjerande for stabil bemanning og gode tenester.

Nye pasientgrupper i heime – og kommunehelsetenesta aukar behovet for denne kompetansen. Dette handlar om pasientar i alle aldrar og med samansette problemstillingar.

Heldigvis er mange av oss eldre friske og oppegåande med ei relativt god helse. Tilbod og aktivitetar er viktig for å halde oppe eit sosialt liv og god helse.

Dei kommunale eldreråda er viktige rådgjevarar for politikarane når kommunale tiltak for eldre skal behandlast. Eldrerådet må aldri bli eit «proforma organ».

Eg har notert meg at utgiftene til pleie og omsorg i Sunnfjord Kommune er 17 millionar lågare enn gjennomsnittet for kommunar vi blir samanlikna med. Samstundes brukar Sunnfjord Kommune 7 millionar kroner meir på administrasjon og politisk styring.

Så; politikarar i Sunnfjord kommune: Er de klar for vedtak som sikrar FN sitt mål om god helse og livskvalitet for våre innbyggarar, uansett alder?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken