Kva er verst, Covid 19 eller 7,5 milliardar menneske?

RESSURSAR: Vi må nok som menneske ta på oss ansvaret for denne ubalansen i ressursane på jorda. Når vi så ser kva areal som skal til for å fore alle desse dyra og delvis fisken frå havet, så er det enorme vidder og det må nok hoggast meir skog også, for å dyrke meir grøn mat, skriv artikkelforfattaren. 

RESSURSAR: Vi må nok som menneske ta på oss ansvaret for denne ubalansen i ressursane på jorda. Når vi så ser kva areal som skal til for å fore alle desse dyra og delvis fisken frå havet, så er det enorme vidder og det må nok hoggast meir skog også, for å dyrke meir grøn mat, skriv artikkelforfattaren.  Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det er naturleg at dette måtte hende før eller sidan. Her er tusenvis av virus av ymse slag i jord og dyr. Om dette då for eksempel kjem frå urein jord til eitt dyr og kanskje vidare til eitt anna og den utviklar seg til noko som vi som menneske ikkje har motstandskraft mot,
så kan vi få den situasjonen vi har no, med lungesjukdom som mange har vanskar med å overvinne. Og som vi ser at mange ikkje vinn over.

Det er inga anna effektiv løysing på dette enn å redusere folketalet drastisk. Frå 7,5 milliardar til under 2 milliardar. Til dette må det brukast fødselsreduksjon; 1 barn pr. produktive kvinne, då dette er den mest humane måten å gjennomføre det på. Dei som vil døy ut under pandemien av Covid 19 viruset, er berre ein relativt liten del av folketalet.

Men det vert ein alt for liten del av folkemengda på jorda til at vi kjem ned i eit bærekraftig folketal. Det kan vel gå ut nokre millionar på 5-6 år til ein har fått prøvd ut den rette vaksinen, produsert den og fått injisert den i folkemengda.

La oss ta som eksempel at det døyr 100 millionar menneske på nokre år av dette viruset medan ein prøvar å få kontroll på det, eller det muterer til ein «snillare» type. Men om 100 eller 200 millionar skulle gå ut, så er det alt for lite, når vi veit at folketalet bør gå ned med minst fem og ein halv milliard for å få ein rimeleg balanse i biomassen av skapningane på jorda.

Menneska utgjer omlag 36 prosent av dette, kyr, sauer, grisar, høns, kyllingar, gjæs, m.m. utgjer om lag 60 prosent. Altså alt som vi som menneske et opp, i tillegg kjem mat frå havet. Medan resten av dei ville dyra; løver, elefantar, bjørn, rev, sjiraffar, dromedarar m.m utgjer om lag 4 prosent av biomassen. Denne fordelinga av skapningar kan eg ikkje tru at korkje Vårherre eller Muhammed står bak.

Vi må nok som menneske ta på oss ansvaret for denne ubalansen i ressursane på jorda. Når vi så ser kva areal som skal til for å fore alle desse dyra og delvis fisken frå havet, så er det enorme vidder og det må nok hoggast meir skog også, for å dyrke meir grøn mat.

I tillegg skal vi bruke meir metall, mineralar, kjemiske stoff, og anna. Det må vere rett av dei styrande å få i gang denne fødselsreduksjonen no, når vi ser at det går mot mange år med auke i svolt, sjukdom, arbeidsløyse og flyktningar. Vi kan ikkje få uregulerte mengder med barn inn i ei verd som held på å koma så ut av balanse som det ser ut no, og vidare fram i tid.

Ein fødselsreduksjon er relativt enkel å gjennomføre. Det gjeld å sette inn menneskelege ressursar med den kunnskapen som trengst, over heile kloden. Og vidare også ta i bruk internett i arbeidet, og soleis få brukt smarttelefonen og nettbrett til noko nyttig og ikkje stort sett som eit leiketøy.

Internett brukar no like mykje energi som flytrafikken før coronakrisa. Og dataselskapa byggjer store anlegg for lagring av data, også på dyrka og dyrkbar jord, og investerer i mellom anna vindturbinparkar for å få straum til datalagringsanlegga. Anlegg som brukar alt for store ressursar av areal, materialar og energi p.g.a. vår overbefolka jordklode. Eg har skrive fleire argument for dette viktige temaet om reduksjon av menneskeslekta i Firda 12-09-19 og Firda 09-03-20. Det er uhyre viktig å kome i gang å gjennomføre dette.

Eg har argumentert for temaet. Men har eg «makt» til å få sette i gang dei «rette» krefter? Dei siste opplysningane er at det er vanskar med å produsere nok prevensjonsmidlar til dei som brukar, og kan å bruke desse hjelpemidlane, dette p.g.a. Covid 19 pandemien. Og ein prognose seier at dette vil føre til at det vert 10 millionar fleire fødslar enn det som er «normalt» over ein kort periode. Covid 19 pandemien er berre ein parantes til ei verd med 7,5 milliard menneske. Så koordiner «Fødselsreduksjon» og «Covid 19».

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags