Og dette skal vere journalistikk

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarKjære Ole Johannes Øvretveit. Eg arbeider på Sunnfjord Museum og burde vel slik sett vere ugild, og eg veit at å imøtegå avismeldarar er noko av det dummaste ein kan gje seg ut på. Men eg tek sjansen.

Du skriv om ei kunstutstilling, men du har ikkje vore på ei kunstutstilling – i alle fall er ikkje den delen av utstillinga som du omtalar, ei kunstutstilling. Det vart presisert i heile tre opningstalarar, som du høyrde på, at utstillinga «Kvardagsfolk» er eit samarbeid mellom Sunnfjord Museum og kunstnaren Maia Birkeland, der museet hadde den kulturhistoriske delen og Maia Birkeland to kunstinstallasjonar. Kunstnaren og kulturhistorikarane skulle utfylle og berike kvarandre. Eg veit ikkje om du såg kunstinstallasjonane – dei var i alle fall ikkje nemnde i meldinga di.

Du skriv at tekstane var dårlege. Desse tekstane er meinte som ingressar til lydspora. Sjølv om eg er ueinig med deg, må du gjerne meine det du skriv, men dei er altså ei kortform til lydspora og gjev seg heller ikkje ut for å vere noko anna.

Du trekte fram Mathias Råheim. Både han og dei andre levande er presenterte med intervju på mellom 7 og 10 minutt. At du berre høyrde på to korte lydspor med omtale av avdøde personar tykker eg er eit dårleg grunnlag å bygge ei melding på. Ville du gjort det same på ei kunstutstilling – sett nokre bilde og laga deg ei meining? Eller lese berre eitt kapittel i ei bok før du melder den. Dette er ikkje godt journalistarbeid, Det held ikkje mål, ikkje i det heile tatt, for å sitere deg sjølv. Sveisesaumane tar til å slå sprekkar, for å bruke ditt eige bilde.

Gjenstandane dei ulike har med seg vart ikkje forklarte, skriv du. 7 av 8 av dei levande personane har forklart dette i teksten. Unnataket er nettopp Mathias Råheim, som du valde å legge ut heile teksten av. Eit døme er Ørjan Tingnes. Der står det i teksten «I 2016 lenka Ørjan og demonstrantar frå Natur og ungdom seg saman på fjellet i protest mot eit prosjekt som dei meiner vil øydelegge både den flotte naturen i Vevring og livet i fjorden. Ørjan vart arrestert og boren bort av fire polititenestemenn. Ørjan har valt kjettingen frå lenkeaksjonen som sin gjenstand.»

Dei historiske personane som er med i utstillinga har av naturlege grunnar ikkje sjølve valt ut gjenstand. Der har me valt for dei. At ho som jobba på telefonstasjonen har ein tidstypisk telefon, at Audhild Viken har eit jølstraåkle og at Georg Huus har eit gammalt butikkskilt frå bokhandelen sin, bør vere sjølvforklarande.

Sjekk sveisesaumane her Firda.

Til slutt. Dei utstilte er ikkje kvardagsfolk, skriv du. La gå at me kan legge ulike tydingar i ordet. Me meiner at me har tatt eit tilnærma gjennomsnitt av folket i indre Sunnfjord der det og er tatt høgd for kjønn og geografi og tid. Du skriv at Mathias Råheim ikkje er eit kvardagsmenneske. Då seier me at det ikkje er ordføraren i Gaular som er presentert, men bonden, byråkraten og politikaren frå Viksdalen. Politikarar, til og med ordførarar, er også folk.

Dersom yrket til personane er så viktig, syner ein rask gjennomgang av dei 16 utstilte personane to bønder, ei heimeverande kone og mor, to handelsmenn/-kvinner, ein lærar, ein redaktør/trykkar, ei telefondame, ein sjømann, ein musikar, tre skuleelevar/studentar, ein prest, ein ingeniør og ein ordførar, og mange av dei fell inn i fleire roller. Men du har rett i ein ting – det er ingen av dei som er ei grå mus. Dei er alle personar med ei historie som kan fortelje noko om korleis det er, og har vore, å vere sunnfjording, og å vekse opp i Sunnfjord. Dette siste er faktisk ein del av arbeidsoppgåva vår som eit kulturhistorisk museum.

Heilt til slutt vil eg uttrykke ei viss undring over at du plukka ut Rawad som den einaste grå musa i forsamlinga – ein mann som er utdanna lærar, som har vist stort mot ved å flykte frå krigshelvetet i Syria på ei farefull ferd i open gummibåt over ope hav. Han er og ein mann som sjølv har laga gjenstandane som er utstilte, og som trass i at han snakkar glimrande engelsk har valt å la seg intervjue på norsk – eit språk han har lært seg på eitt og eit halvt år.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags