Etter kvart som eg las spørsmålsstilling og kommentarar i artikkelen om Sogn og Fjordane Kunstmuseum på «Kultursida» i Firda laurdag 28. januar, vart eg meir og meir vantru.

Ein har jo merka seg at Firda ikkje lenger har kulturjournalist, men at inkompetanse og mangel på folkeskikk er så rådande i staden, er overraskande og kan vanskeleg sortere under kritisk journalistikk.

Ein kunne tru at kommentarar og spørsmål var stilte av ein sur og forulempa person som valde å vere frekk som ei hemnakt! Følgande er døme på det:
- «Du kjem ikkje unna at det talet seier noko om korleis det står til.»
- «Men kvifor skal folk gidde å gå på kunstmuseum?»,
- «Kvifor har Sogn og Fjordane Kunstmuseum så dårleg rykte?»
- «Oi, der kom floskelen som fortel at du ikkje veit kva du skal seie.»
- «Men no har du hatt eit år på deg, og besøkstala er framleis lite å rope hurra for.»
- «De har opningstid frå 11.00 til 16.00. Det er vel ikkje veldig publikumsvennleg? Er det for – å sleppe alt maset med masse folk som kjem og forstyrrar?»
- «Så det skal redde besøkstala for Sogn og Fjordane kunstmuseum: Å tvære opp att på - - - dei gamle kjendisane.»

Eg vil gripe fat i nokre av påstandane til Øvretveit:
– Det er usant at Sogn og Fjordane Kunstmuseum har dårleg rykte. Utstillarar frå vårt fylke til liks med utstillarar frå andre stader, har vore svært nøgde med utstillingsplass, personale og publikum på opningar. Og mange av dei eg kjenner, er stolte brukarar av museet.
– Ein skulle sjølvsagt ønske at talet på betalande gjester i november 2016, var høgare. Men å ta driftskostnadene og dele på tal betalande gjester, er eit svært misvisande reknestykke. Alle under 18 år går gratis. Alle kunstnarar har fribillett, og på opningar av utstillingar går publikum gratis. Det kostar også å ha kunstformidling til skuleklassar og andre. Like eins er ikkje konserveringsarbeid og styring av kunstbutikk gratis for å nemne noko. Så reknestykket er noko underleg.
– Dei fleste museum her i landet har liknande opningstider som Sogn og Fjordane Kunstmuseum, truleg utan at årsaka er å ville sleppe maset med publikum. Det har vel heller noko med arbeidstid og driftskostnader å gjere.

– Eit stadig tilbakevendande spørsmål, også i artikkelen til Øvretveit, er om og når Oddvar Torsheim får fast utstillingsplass. I tillegg til Astruptunet, har vi her i fylket tre andre reine kunstinstitusjonar som sorterer under musea i fylket. Desse institusjonane er i Lærdal, Hornindal og Jølster og ber namna til kunstnarane som har gjeve samlingane sine til dei respektive kommunane. Sogn og Fjordane Kunstmuseum er, som museumsdirektøren seier, eit museum for heile Sogn og Fjordane fylke.

Eg har vanskar med å skjøne den aggressive tonen i dette intervjuet. Firda har i den seinare tid har vore flinke til å nøre opp om nyskapning, entreprenørskap i startgropa og å vise fram lokalt engasjement.

Vi er så heldige å ha perla Sogn og Fjordane Kunstmuseum, som også er i startgropa, i Førde kommune. Bør ikkje Firda på same vis som nemnt over, vere med på å gjere folk nysgjerrige og kanskje skape positiv haldning og entusiasme.

Reportasjar frå opningar på Kunstmuseet til liks med omtale av utstillingar på Kultursida i Firda, ville vere eit steg på den vegen.