Brynildsen la grunnlaget for Astrup-satsinga

ENTUSIASME: Med stor entusiasme og handlekraft, sette Brynildsen i gang eit storstilt oppkjøp av Astrup-kunst, skriv artikkelforfattaren. Her er Brynildsen saman med kona Signe.

ENTUSIASME: Med stor entusiasme og handlekraft, sette Brynildsen i gang eit storstilt oppkjøp av Astrup-kunst, skriv artikkelforfattaren. Her er Brynildsen saman med kona Signe. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Det var kjekt å sjå Signe og Jon Christian Brynildsen ved lanseringa av Astrup-filmen på Skei sist fredag. Etter mi meining la Jon Christian Brynildsen grunnlaget for at den Astrup-satsinga som no finn stad, vart mogeleg.

Sjølv om Nikolai Astrup blir rekna som ein av våre viktigaste biletkunstnarar, har verka hans berre i liten grad vore representerte i dei offentlege musea her i landet. På slutten av 1980-talet vart mange av hovudverka bodne fram både på nasjonale og internasjonale auksjonar, og det var stor fare for at dei ville kome på utanlandske hender.

Den kunstinteresserte Jon Christian Brynildsen såg klart kva som var i ferd med å skje. Med stor entusiasme og handlekraft, og med god støtte i den solide kapitalbasen han sjølv hadde opparbeidd, sette Brynildsen i gang eit storstilt oppkjøp av Astrup-kunst. Mange av kunstnaren sine viktigaste verk vart dermed sikra i norsk eige.

Hallvard Viken

Hallvard Viken Foto:

Mykje av investeringane på kunstmarknaden har truleg økonomiske motiv, og Jon Christian Brynildsen såg sikkert på kjøpa som ei bra kapitalplassering. Brynildsen kunne likevel med sin bakgrunn og kunnskap investert kapitalen sin på ein måte som både ville gje høgre avkasting og betre likviditet. Men dette var ikkje hovuddrivkrafta. Den sterke interessa for Nikolai Astrup og kunsten hans vart overordna dei økonomiske motiva, og Brynildsen følte det nok allereide i ein tidleg fase som ei viktig oppgåve å sikre at ålmenta kunne få tilgang til denne kunsten.

Med god hjelp av kunsthistorikaren Øystein Loge fullførte kunstsamlaren sitt arbeid, og nådde sitt mål. Ei oppgåve som ein i utgangspunktet berre skulle tru kunne realiserast som ein nasjonal dugnad, vart utført av ein privatperson med handlekraft og visjonar.

Den velviljen og generøsiteten Brynildsen seinare har synt Jølster kommune og Astruptunet, viser at han har eit sjeldant sterkt samfunnsengasjement.

Hausten 2005 vart det kjent at Brynildsen hadde inngådd avtale om å selje samlinga si. I staden for å by ut kunsten til høgstbydande på internasjonale auksjonar og dermed optimalisere gevinsten, selde han samlinga til ei nasjonal stifting som sikrar at samlinga blir i Noreg og tilgjengeleg for publikum i all framtid. Det er og teke inn formuleringar i salsavtala som klart tilgodeser Astruptunet både når det gjeld tilgang til kunstverka og på annan måte. Avtalen avspeglar Brynildsen sin sterke kjærleik til og omtanke for Jølster, og fører til at Astruptunet i framtida vil styrke sin posisjon som attraksjon og reisemål for både nordmenn og utlendingar.

Folket i Sogn og Fjordane og heile det kunstinteresserte Noreg er Jon Christian Brynildsen stor takk skuldig for initiativet han tok, og for måten han fullførte eit livsverk som er eineståande i norsk kunst- og kulturhistorie.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags