Kulturbyen Bergen og Jakob Sande

SAMLING: Henry Berg meiner Jacob Sande sine dikt og tekstar bør vere viktige i bygginga av ein felles kultur i eit samla Vestland.

SAMLING: Henry Berg meiner Jacob Sande sine dikt og tekstar bør vere viktige i bygginga av ein felles kultur i eit samla Vestland. Foto:

Av
DEL

LesarbrevHer i byen vert det til tider diskutert om delar av sentrum har namn som står seg sett med dagens auge eller om det er personar som ikkje er æra på skikkeleg vis, sist ein ganske spissa diskusjon om det framleis er rett å halde fram med Møhlenpris som namn på eit sentrumsområde.

Når det gjeld personar som ikkje er æra på skikkeleg vis, påkallar særleg sunnfjordingen Jakob Sande frå Dale mi merksemd. Denne karen tillèt eg meg å hevde må vere den største poeten Vestlandet har fostra til no. Jamvel vil mange meine at det er mest rett å ta utgangspunkt i heile landet når ein slik påstand vert sett fram.

Den naudsynte og framtidsretta politiske samlingsprosessen av Vestlandet er i gang, i første omgang med Sogn og Fjordane og Hordaland under same tak. I ein prosess av dette slaget er det opplevde kulturelle fellesskapet viktig for at prosjektet skal bli varig og lukkast over tid. I eit slikt perspektiv er det vanskeleg å kome utanom Jakob Sande, som i mange av dikta sine får fram særpreget i den vestlandske kulturen på ein levande og attkjennande måte og ikkje minst i ei folkeleg forståeleg form.

Jakob Sande har late etter seg mange kjende dikt og tekstar som i dag utvilsamt inngår i vår felles kulturarv. Sande var i si samtid ein svært folkekjær poet, noko som framleis gjeld den dag i dag. Diktinga hans var prega av eit stort mangfald, gjerne uttrykt gjennom sosial indignasjon, krass satire, folkeleg humor, dei varaste kjærleiksdikt og ulike stemningar mellom anna frå sjømannslivet.

Sande si «Dikt i samling» er til no utgjeven i eit opplag på om lag 45.000, noko som gjer den til den desidert mest selde i sitt slag her til lands.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags