Bygg landets beste bibliotek i Førde

FREMST: når det no blir snakka om utbyggingar på Førdehuset, så meiner eg at biblioteket bør vere i aller fremste rekke av prioriteringar. Dersom symjehallen skal utvidast i vest, kva med til dømes å bygge eit nytt bibliotek i glasfronten der stupetårnet er i dag? spør artikkelforfattaren

FREMST: når det no blir snakka om utbyggingar på Førdehuset, så meiner eg at biblioteket bør vere i aller fremste rekke av prioriteringar. Dersom symjehallen skal utvidast i vest, kva med til dømes å bygge eit nytt bibliotek i glasfronten der stupetårnet er i dag? spør artikkelforfattaren Foto:

Av
DEL

MeiningarMed alt engasjementet rundt byutvikling for tida, så ser eg det nødvendig å slå eit slag for biblioteket.

Biblioteket har sidan slutten av antikken kanskje vore den viktigaste byggesteinen i utviklinga av det moderne samfunnet. Mykje har endra seg ifrå tida då dei segnomspunne biblioteka i Alexandria og Konstantinopel sto for lagring og vidareføring av dei viktigaste tekstane i sivilisasjonen.

I dag så er ikkje informasjon lenger sentralisert på éin stad. Kunnskap og informasjon er allment tilgjengeleg på verdsveven, og kan enkelt innhentast ved hjelp av få tastetrykk. Dette betyr og at samfunnsoppdraget til biblioteket har endra seg, men det betyr ikkje at institusjonen er mindre viktig.

For meg er det få tankar som i større grad representerer essensen av demokratiet enn idéen om at all verdas akkumulerte kunnskap skal vere gratis og tilgjengeleg for alle. Idéen om at kulturen vår ikkje berre må bevarast til evig tid, men også bli fremja! Som ein ikkje-kommersiell aktør vil biblioteket alltid kunne kuratere og trekke fram den viktigaste kulturen, og ikkje berre den ein kan tene pengar på. Posisjonen som kulturformidlar og kunnskapsdriver er difor opplagt, men kanskje endå viktigare i dag er rolla biblioteket har som eit offentleg rom.

Biblioteket er nemleg det einaste offentlege rommet i samfunnet vårt der ein kan opphalde seg utan å bli møtt av forventningar.

Tenk over det. På ein kafé eller i ein butikk er det forventa at ein kjøper noko og gjerne ikkje blir så lenge. På biblioteket kan du kome å sitte i ein stol heile dagen utan at nokon ser rart på deg. Anten ein har det vanskeleg i heimen eller berre ønskjer å sitte i eit alternativt miljø så kan eit slikt offentleg rom gje enorm verdi for mange menneske. Dette gjer at biblioteket har potensial til å bli ein heilt grunnleggjande sosial institusjon, men det kjem ikkje av seg sjølv. Det krev ressursar ifrå kommunen og velvilje ifrå politikarane.

Førde Bibliotek gjer i dag ein kjempebra jobb med dei ressursane dei har, men med eit lokale som knapt nok er større enn parkeringsplassen utanfor bowlinghallen så er det avgrensa kva dei kan få til. Difor når det no blir snakka om utbyggingar på Førdehuset, så meiner eg at biblioteket bør vere i aller fremste rekke av prioriteringar. Dersom symjehallen skal utvidast i vest, kva med til dømes å bygge eit nytt bibliotek i glasfronten der stupetårnet er i dag?

Eit stort og flott bibliotek signaliserer ein by som tar framtida til innbyggarane sine på alvor. Ikkje berre ville det vore eit stort løft for Førde sin posisjon som kultursenter i nye Vestland fylke, men det handlar også om identitet. Identiteten vår blir forma av det vi brukar ressursane vore på. Vil vi vere kjend nasjonalt som byen med dei beste køyreforholda eller byen med dei beste læreforholda?

Det er vi sjølv som bestemmer kva biblioteket skal bety i framtida og om vi tenkjer at biblioteket er utdatert så blir det utdatert. Vi må difor klare å sjå det unytta potensialet i dette offentlege rommet og alle samfunnsproblema det kan bidra med å løyse. For at ein liten plass som Sunnfjord skal ha relevans i framtida så må vi bruke ressursane våre disproporsjonalt med dei store byane. Eg oppmodar difor til ei satsing utan sidestykke på kultur og kunnskap. Lat oss byggja Noregs beste bibliotek!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags