Teaterfinansieringa er tredelt

MÅ STILLE OPP: Skal arbeidet med Nynorskhuset og Sogn og Fjordane teater si deltaking her lukkast, krevst det at alle partane stiller opp og tek sin del av kostnadene

MÅ STILLE OPP: Skal arbeidet med Nynorskhuset og Sogn og Fjordane teater si deltaking her lukkast, krevst det at alle partane stiller opp og tek sin del av kostnadene Foto:

Av
DEL

Meiningar

Firda har fredag 11. oktober oppslag om Sogn og Fjordane teater sitt arbeid med å sikre løyvingar for å kunne bli del av det framtidige Nynorskhuset i Førde. Det har dessverre snike seg inn nokre formuleringar som gir feil inntrykk. Dette ønskjer vi å rette opp.

Finansieringa av Sogn og Fjordane teater er delt mellom stat, fylkeskommune og kommune etter ei fastsett prosentfordeling. Denne er lagt til grunn når teateret har søkt om auke i tilskota for å kunne gå inn i Nynorskhuset. Vi arbeider for å få staten til å auke opp sitt tilskot med 3,7 mill. kroner for å sikre vår plass der. Så langt har kulturdepartementet lagt inn 1 mill. i auka løyving. Det ligg så langt ingen lovnad frå departementet på meir midlar, men vi tek det som eit godt teikn at dei så raskt kjem opp med auke knytt nettopp til realiseringa av Nynorskhuset.

Så gjeld det løyvinga frå fylkeskommunen. Fondet på 18 mill. kroner som fylkestinget i Sogn og Fjordane har oppretta, skal dekke fylkeskommunen sine meirkostnader som vil komme som del av den forventa husleigeauken i Nynorskhuset. Ikkje uventa kostnader som Firda skriv. Fondet skal heller ikkje nyttast til å kompensere for at staten ev ikkje skulle fylle opp sin del.

Skal arbeidet med Nynorskhuset og Sogn og Fjordane teater si deltaking her lukkast, krevst det at alle partane stiller opp og tek sin del av kostnadene; i dagens system er det 70 % på staten, 22,5 % på fylkeskommunen og 7,5 % på kommunen. Så langt ser dette lyst ut, og vi har god tru på at vi skal komme i mål med dette.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags