Å drive ap med sjuke menneske

Claus Sellevoll og Idun Losnegård i Sogn og Fjordane Teater si oppsetjing "Evig ung"

Claus Sellevoll og Idun Losnegård i Sogn og Fjordane Teater si oppsetjing "Evig ung" Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevSist laurdag var eg på festframsyning i Førdehuset for å sjå Evig Ung, eit spelstykje som har hausta mange lovord.

Ja, dei medverkande var gode, og det skulle berre mangle at proffesjonelle utøvarer ikkje det skulle vere.

Men, eg hadde ikkje sete så lenge i salen før eg fikk ei sterk kjensle av at her hadde forfattaren laga eit revyopplegg som skulle få oss friske til å le av sjuke menneske. Tydelegvis meiner nokon at det er løyleg å sjå demente personar tufle rund på rommet sitt.

Sogn og Fjordane Teater kan ikkje ha  fått med seg at dette emnet har ingenting med moro å gjere, det er ein sjukdom som er tung å bere for den som vert råka, og ikkje minst for dei pårørande.

For meg som har komme så pass opp i åra at eg må oppleve at einskilde av mine nærmaste er råka av demens, gav ikkje denne framsyninga nokon glede i det heile. Eg er venteleg ikkje åleine med den kjensla, talet på demente i Noreg nærmar seg no 80 000.

Og noko eg også lurer på etter framsyninga:  Kva er det som er så kunstnerisk med å slenge rundt seg med kvardagsnamn på dei "edle" delane våre, desse delane som vi er heilt avhengig skal kunne fungere for at vi skal ha eit rimeleg godt liv. Ikkje minst er dette organ som tidvis gjev oss stor glede. Dei burde bli hylla i staden for å bli brukt som bannord.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags