Ein vinnar i Nynorskhuset

BARNEKULTUR: Operaen «Hans og Grete» fascinerte dei yngste på Nordfjordeid i haust, både på scena og i salen

BARNEKULTUR: Operaen «Hans og Grete» fascinerte dei yngste på Nordfjordeid i haust, både på scena og i salen Foto:

Av
DEL

Meiningar

I OKTOBER var eg på operaframsyninga «Hans og Grete» på Nordfjordeid med ein treåring og ein seksåring. Plass ved utgangen, rikeleg med godteri og leikar i sekken avslørte at eg var høgst usikker på kombinasjonen opera og barnebarn. Rett nok er «Hans og Grete» ei eventyrforteljing, og Opera Nordfjord nytta også denne gongen sjansen til å la ungar og unge utfolde seg på scena, men likevel, to timar i stolen med klassisk musikk for ein treåring

...

JELDAN har eg sett så intense barneauge, aldri før har eg sett ungar sitje urørlege så lenge, liknande innleving i musikk og drama er sjeldan kost både i kinosalen og TV-stova. Møtet mellom barnesinnet og ekte scenekunst var forbausande sterkt og inderleg.

DEN SISTE TIDA har Firda initiert ein debatt om kva det påtenkte Nynorskhuset skal innehalde. Mest 100 arbeidsplassar totalt i NRK, lokalavisa og det som frå 2020 heiter Teater Vestland, ligg i botnen. Men skal huset, i tillegg til arbeidsplass, også vere ein møteplass for folk flest, spurde redaktør Kai Aage Pedersen og foreslo å flytte biblioteket og kinoen i Førdehuset til Nynorskhuset for å skape meir liv i Førde sentrum.

EG ER MEST OPPTATT AV LIV I HUSET, og at det blir ei pulserande kraft for det nynorske språket. Mitt forlag er å bry seg meir med dei minste og utvikle Barnas Kulturhus i Nynorskhuset, ein plass der nye generasjonar møter litteratur, teater, musikk og kunst i alle fasongar og fasettar. Ikkje berre ein møteplass mellom born og kunstnarar, men også ein plass der dei kreative evnene til dei yngste blir utfordra og utfolda.

FLEIRE BAKTANKAR ligg bak forslaget. For det første slo det meg på Nordfjordeid i haust at levande kultur for ungar er ein sikker vinnar. Både ungane på scena og dei små i salen fekk påfyll av fantasi, kreativitet og sjølvtillit. Foreldre og besteforeldre som opplever at ungane har det kjekt og utfoldar seg, blir automatisk ekstra glade i plassen dei bur på. Eit Barnas Kulturhus vil vere ein ny og spennande attraksjon for Førde og Sunnfjord. Det treng storkommunen med nærast null i folketalsvekst for tida.

DET NYNORSKE SPRÅKET blir pressa av bokmål og engelsk frå alle kantar. Vedtaket til regjeringa, om å slå saman karakterane i hovudmål og sidemål både i ungdomsskulen og vidaregåande skule, er eit nytt åtak på det ekte, norske språket. Det går særleg ut over innbyggarane i Vestland som er sjølve kjerneområdet for nynorsken. Mest halvparten av dei rundt 600.000 nynorskbrukarane i landet høyrer heime i noverande Sogn og Fjordane og Hordaland. Rundt halvparten av nynorskelevane i grunnskulen bur i det nye storfylket med 630.000 innbyggarar. Det forpliktar oss som bur her. Om ikkje Vestland held nynorskfana høgt, kven skal då gjere det?

EG HAR EIN DRAUM om at Vestland blir ein pådrivar for langt fleire læremiddel på nynorsk i skulen. Der trengst eit skikkeleg løft. Eg har ein draum om at Vestland blir eit føregangsfylke for levande barnekultur. I Nynorskhuset i Førde skal det både lagast barnefjernsyn og barneteater på nynorsk. Kompetansen på dramaturgi og språk er eit glimrande utgangspunkt for ein større kulturarena for born. Her har det litterære forumet «Rom for ord» ein naturleg plass med tilbod både til born og vaksne. Her har kulturskulane i Sunnfjord og «Danseverkstedet» i Førde ein felles arena. Her kan Vestland og Sunnfjord skape ein ny og spennande attraktivitet – både for nynorsken og komande generasjonar.




Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags