Kvernsteinsparken fungerer usedvanleg godt – og skal verte enno betre

FUNGERER: Med dagens infrastruktur og føresetnadar fungerer Kvernsteinsparken usedvanleg godt. Med betre infrastruktur og betre føresetnadar vil ein kunne utnytte eit mykje større potensiale, skriv artikkelforfattarane.

FUNGERER: Med dagens infrastruktur og føresetnadar fungerer Kvernsteinsparken usedvanleg godt. Med betre infrastruktur og betre føresetnadar vil ein kunne utnytte eit mykje større potensiale, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI ein artikkel først publisert den 26. mars kan ein få inntrykk av at Kvernsteinsparken, museumsavdelinga i Hyllestad, fungerer dårleg i dag. Grunngjevinga for inntrykket er først og fremst overskrifta og ingressen. Artikkelen legg seinare vekt på å omtale utviklingsplanane som det jobbast med for å vidareutvikle Kvernsteinssenteret.

Påstanden om at Kvernsteinsparken fungerer for dårleg kan vurderast opp mot visjonen til Musea i Sogn og Fjordane: «Musea i Sogn og Fjordane skal vere ein relevant og aktiv samfunnsaktør innan kunst og kulturarv» og føremåla som er at «stiftinga skal drive innsamling, bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling. Stiftinga skal kunne drive anna kulturell verksemd».

For Kvernsteinsparken er det kulturarv som er mest relevant å vurdere mot i samband med visjonen. Kvernsteinsparken har nasjonal og internasjonal posisjon som kompetansesenter innan kulturarven som knyt til kvernsteinsmiljø, særleg knyt til Noreg, Norden og Nord-Europa. Via forsking har Kvernsteinssenteret utvikla forståinga av viktigheita kvernsteinen hadde for samfunna tidlegare, både lokalt og i større område. Dette vart gjort tydeleg av Riksantikvaren når Hyllestad vart nominert til Unesco verdsarvstad.

I Hyllestad har kvernsteinen hatt stor påverknad på kulturlandskapet, noko Kvernsteinssenteret har hatt fått sett søkelys på. I dag vert kulturlandskapet og den geologiske arven viktige element i forprosjektet som regionrådet i HAFS har starta om UNESCO Geopark. Såleis er visjonen godt vareteke. Det er og viktig å hugse på at mykje av forskinga har vore gjort i samarbeid med store aktørar, som til dømes NGU og UIB.

Det er og verdt å merke seg at det er mange andre aktivitetar på museumsområdet. Det årlege kvernsteinsmarknaden er eit slikt døme. Vi vil og trekkje fram korleis lokalsamfunnet har støtta opp om Kvernsteinsparken og arbeidet dei gjer. Tal dugnadstimar som har vore gjort opp gjennom åra er veldig høgt. Alt dette går og godt inn i visjonen som relevant og aktiv samfunnsaktør.

Vidare må ein vurdere drifta opp mot føremåla. Kvernsteinsparken er ikkje eit tradisjonelt samlingsmuseum. Kvernsteinsparken skal synleggjere eit stort kulturminne og dokumentere kunnskapen om fortidas steinbrotsdrift. Etter vår vurdering er dette gjort godt i høve til infrastruktur og personell i dag.

Kvernsteinssenteret og Kvernsteinsparken er bygd opp på bakgrunn av forsking. Det har og vore følgeforsking. Senteret driv no eit stort nasjonalt prosjekt om kalk og kalkomnar. Det er støtta av Riksantikvaren og skal utviklast til eit EØS-prosjekt. Nybrotsforsking på gammal kunnskap!

Så står formidling att. Kvernsteinsparken har i all tid vore oppteken av å formidle kunnskapen om kvernsteinen og kulturlandskapet i Hyllestad knytt til kvernstein. Museumsavdelinga har alltid hatt fokus på aktivitetar i formidlinga, og kjem du til museet til sommaren vil du oppleve det same då og.

Elles har Kvernsteinsparken over lang tid hatt eit unikt formidlingsprosjekt saman med skulen. Elevar har vore opplært i handlingsbåren kunnskap og i formidling. Denne metoden har vorte så kjend at den til og med har fått tilnamnet «Hyllestadmodellen». Dåverande Riksantikvar Holme sa at museumsavdelinga i Hyllestad var den beste museumsopplevinga han hadde hatt. Han sa det ikkje i Hyllestad, men i ein presentasjon til alle dei store musea i landet, i Oslo, eit halvt år seinare!

I tillegg har Kvernsteinssenteret gjennom åra vore med i formidling gjennom ulike fora og publikasjonar. Her kan særleg ein særleg trekkje fram dei nasjonale seminara som har vore gjennomført mange gonger. Dei har gjennom lang tid vore eit viktig forum for formidling av forsking, samarbeid mellom ulike fagfelt og samarbeid mellom fagpersonell og lokalsamfunn. I sum er altså formidlinga særs godt varetatt i Kvernsteinsparken.

Vi er både glad for, og samd i, mykje av innhaldet i artikkelen. Det er heilt rett at tilhøva for dei tilsette er kummerlege. Det er heilt rett at det trengst oppgradering av museumsområdet i dei tre prosjekta som ligg føre. Det er heilt rett at oppgradering av infrastruktur vil kunne løfte avdelinga og trekkje meir publikum.

Med dagens infrastruktur og føresetnadar fungerer Kvernsteinsparken usedvanleg godt. Med betre infrastruktur og betre føresetnadar vil ein kunne utnytte eit mykje større potensial. Det er og ein av årsakene til at eigarstyret har presentert planane for utvikling av Kvernsteinsparken til Musea i Sogn og Fjordane, og musea er samd i at dette må vi få til.

Så må vi til slutt påpeike eit moment. I alle samtalar mellom eigarstyret for Kvernsteinsparken, kommunen og museumsadministrasjonen, er tilbakemeldinga at dei tilsette og avdelinga fungerer godt ut frå føresetnadane. Dette er eg sikker på at eg har med meg museumsdirektør Kjartan Aa Berge på også i dag.

Vår oppmoding er at avisa sin omtale av Kvernsteinsparken vert i samsvar med realitetane, og at arbeidet vert vurdert også ut frå føresetnadane til museumsavdelinga.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags