Kva vil vi med Musea i Sogn og Fjordane?

Sunnfjord Museum

Sunnfjord Museum Foto:

Av
DEL

MeiningarStiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) vart etablert i 2009 som eit resultat av den nasjonale museumsreforma. Reforma skulle gje sterkare fagleg samarbeid og betre og meir rasjonell museumsdrift. Den gongen vart De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane kunstmuseum, Sogn Kunstsenter, Astruptunet, Eikaasgalleriet og Anders Svor Museum konsolidert inn. Seinare har Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad komme til. Samlinga til MiSF består av over 122.000 gjenstandar, mellom anna 145 båtar og 174 kulturhistoriske bygg med ei samla grunnflate på om lag 14.000 kvadratmeter, og vi har 50 årsverk til å forvalte og vedlikehalde samlingane.

MiSF får mesteparten av inntektene sine som offentlege tilskot, og forventar 57 millionar kroner i samla tilskot i 2018. Om lag 36 millionar kjem frå staten og 21 millionar kjem frå fylkeskommunen og dei 26 kommunane i fylket. Dette gjev ei fordeling på 65 % i statleg tilskot staten og 35 % i fylkeskommunalt og kommunalt tilskot.

I framlegget til statsbudsjett for 2018 kjem det fram at MiSF får ein generell inntektsvekst på 0,8 millionar kroner i høve til i 2017. Ingen av våre omsøkte investeringsprosjekt; oppgradering av Ramstad Eskefabrikk i Angedalen til nytt fellesmagasin eller nytt vernebygg til Holvikejekta, får støtte.

Det er i det heile svært lite pengar til nye museumsbygg i statsbudsjettet. Det er berre to nye museumsbygg i heile Noreg som får støtte; Orkla Industrimuseum med 35 millionar kroner, og Anne Cath. Vestly Museum med 10 millionar kroner. Nålauget for å få statleg tilskot til nye museumsbygg er svært trongt.

Ni år etter konsolideringa skal vi vere ærlege og innrømme at effektane i beste fall kan diskuterast. Men dette er ikkje unikt. Fleire av musea i Noreg slit med å hente ut fordelane av å bli større. Når det er sagt så er det ingen teikn på at museumsreforma skal endrast eller reverserast. Framtida er konsoliderte museum.

Når vi no ber om merksemd er det først og fremst fordi rammevilkåra for MiSF er i dramatisk endring. Forvarselet kom i Perspektivmeldinga; den varslar om ei eldrebølgje, auka press på velferdsgode, tøffare krav til effektivitet i det offentlege tenestetilbodet, tydelege prioriteringar og klare resultatkrav. Det er i eit slikt perspektiv vi må forstå regionreforma og kommunereforma som skal implementerast i 2020 – altså om berre to (!) år.

I den gjeldande intensjonsavtala mellom Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar står det ingenting om verken museumspolitikk eller inntektsmodellar for musea. Det einaste vi veit er at kulturavdelinga skal ligge i Sogn og Fjordane. I fylkeskommunen sitt utkast til nytt regionalt planprogram for kultur for perioden 2019–2027 er regionreforma knappast omtala i det heile. Dette er oppsiktsvekkande.

Det same kan vi seie om dei ulike kommunesamanslåingane; vi veit ingenting om konsekvensane for musea våre. Det einaste vi veit er at dette får følgjer for De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum og Norsk Reiselivsmuseum (Sogndal, Leikanger og Balestrand kommunar), Sunnfjord Museum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Astruptunet og Eikaasgalleriet (Førde, Jølster, Naustdal og Gaular kommunar), Kystmuseet i Sogn og Fjordane (Flora og Vågsøy kommunar) og Anders Svor Museet (Hornindal og Volda kommunar).

For å illustrere potensielle konsekvensar av reformene vil eg syne korleis dei kan påverke inntektene våre. I 2017 mottok MiSF 21 millionar kroner i tilskot frå fylkeskommunen og kommunane i Sogn og Fjordane. Med ein gjennomsnittleg personalkostnad på 650.000 kroner kan vi rekne tilskota om til 32 årsverk. Konsekvensane av regionreforma og kommunereforma kan bli at store delar av staben til MiSF kjem i spel, vi blir hindra frå langsiktig planlegging av drifta i lang tid og vi kan risikere å miste driftsansvaret for Anders Svor Museet. Dette er den største omveltinga for musea i fylket på 50 år!

Vi sit att med mange spørsmål vi ikkje har svar på:
• Kva blir tilskotsmodellen når fylket erstattast av region og det blir færre kommunar?
• Kva skjer når MiSF skal kjempe om merksemd og tilskot med dei store museumsinstitusjonane frå Hordaland?
• Kan vi risikere at valet av lokalisering av regionkulturavdelinga til Sogn og Fjordane blir ei «konkurranseulempe» for MiSF?
• Vil MiSF i det heile overleve reformene etter 2020?

Det som er sikkert er at vi i MiSF ikkje ønskjer å stå med lua i handa og vente på å bli «redda». Vi er stolte av samlingane våre og brenn etter å få vist dei fram–ikkje berre lokalt og regionalt, men også til eit nasjonalt og internasjonalt publikum. Med utgangspunkt i samfunnsoppdraget vårt har vi derfor valt å ha ei offensiv haldning til å møte utfordringane. For å lykkast med det vil vi:

• Styrke det faglege arbeidet
• Ha god styring på ressursbruk
• Gje publikum stadig betre museumsopplevingar som byr på lærerike, utfordrande, spennande, relevante utstillingar og arrangement 
• Ta ei aktiv rolle i samfunnsdebatten
• Bidra til å skape gode lokalsamfunn
• Ha ei framtidsretta bruk av dei digitale flatene

Vi ønskjer å bli eit av dei leiande konsoliderte musea i landet!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags