Ein god måte å lære historie

FLOTT: Etter vel tre timar i øs, pøsande regnvér, var det eg, bestemora, som ville gå der ifrå og ikkje mine to barnebarn på 4 og 7 år, skriv artikkelforfattaren.

FLOTT: Etter vel tre timar i øs, pøsande regnvér, var det eg, bestemora, som ville gå der ifrå og ikkje mine to barnebarn på 4 og 7 år, skriv artikkelforfattaren.

Av
DEL

Lesarbrev
Ein regntung sommardag i år, reiste eg saman med to av våre barnebarn på tur til Kvernsteinsparken. Vi fekk oss kart over rebusløypa og traska av garde.

Løypa var ikkje særleg lang, men svært innhaldsrik der vi fekk prøve og sjå ulike ting, lære ved prøving. Her fekk vi m.a. sjølve erfare kor ulik hard stein kan vere, og at det finst mange ulike sortar stein med eigne namn. Nokre var lette å file og hogge i, andre var det umogeleg å gjere noko med.

Vi kunne sjå kvar kvernsteinar hadde vore hogde ut, samt at ikkje alle var ferdig hogde og tatt ut av fjellet. I eit av bygga låg det fint oppstabla mengder av kvernstein som hadde vore med i eit forlis, og var prega ved å ha masse skjell på seg etter å ha lege på havets botn.

I smia stod smeen og arbeidde med jern. Etter vel tre timar i øs, pøsande regnvér, var det eg, bestemora, som ville gå der ifrå og ikkje mine to barnebarn på 4 og 7 år. Eg måtte love at vi skulle reise tilbake ein anna gang. Det håpar eg verkeleg at vi kan, for dette var veldig kjekt, og god måte òg å lære historie på.

Ei stor takk til dykk alle som har lagt ned masse dugnadstimar mm. for at vi skal få oppleve dette. Håpar MiSF ser verdien av Kvernsteinsparken slik Riksantikvaren har gjort som vel fortent heidrar Torbjørn Løland.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags