Kunsten å gjere kunsten folkeleg

SKAPARKRAFT: Kunstnarleg skaparkraft og kunnskapar om kunst kopla saman med dugnadsånd, pågangsmot, idealisme og menneskeleg varme har vist seg å vere ei urkraft som toler alt, skriv artikkelforfattaren.. Bildet der frå fjorårets utstilling og viser vinglas skapt at Pål Roland Janssen.

SKAPARKRAFT: Kunstnarleg skaparkraft og kunnskapar om kunst kopla saman med dugnadsånd, pågangsmot, idealisme og menneskeleg varme har vist seg å vere ei urkraft som toler alt, skriv artikkelforfattaren.. Bildet der frå fjorårets utstilling og viser vinglas skapt at Pål Roland Janssen. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Mjølkekaker og måleri. Brennsnut og nybrent keramikk. Rømmegraut og røslege skulpturar. Utstillingslokale i ein gamal gymnastikksal, i ein fjøs med gjødselkjellar under og i grendabutikken. Skulpturar på bøar og berg. Performance i fjøresteinane. Servering i eit klasserom eller eit vedskjul. Bønder, snekkarar, lærarar, pensjonistar og skuleelevar bak alle diskar og servicefunksjonar.

Velkommen til Vevring. Velkommen til Vevringutstillinga. Velkommen til bygda der kunsten har blitt ein del av naturen, ein del av folket og ein del av tradisjonen. Eit arrangement som i utgangspunktet var, og framleis er, både ulogisk og nærast naturstridig.

Arild R. Sætre

Arild R. Sætre

Ei utstilling som på absolutt alle måtar er ei folkeleggjering av kunst ingen skulle tru var mogeleg. Ein happening som mange i utgangspunktet truleg meinte var eit hån mot seriøs kunstformidling. Ein presentasjon av kunst som mange snobbete gallerivandrarar og sokalla kunstforståarar truleg framleis fnys av.

Men ingrediensane ekte folkeleg engasjement, ekte idealisme og menneskeleg varme, unik dugnadsånd, kortreist tradisjonsmat og utradisjonelle utstillingslokale har vist seg å ha ei formidabel kraft. Ei kraft som har vore med å halde levande dette unike kulturarrangementet i 40 år.

Men midt i denne idealismen, midt i denne dugnadsånda, midt i alt det folkelege og allsidige engasjementet finst der også ei anna kraft. Ei vesentleg kraft. Ei kraft som kan skape kva som helst når den får sleppe til. Den viktigaste og sterkaste krafta av alle. Skaparkrafta.

Den grunnleggande skaparkrafta finst i alle menneske, men er, slik eg ser det, litt meir tilgjengeleg i kunstnarar og kreative menneske. Slike menneske har det nok funnest godt over gjennomsnittet fleire av i bygda Vevring enn i mange andre bygder.

Det var desse menneska som hadde idéen til ei utstilling på ein stad der mange i utgangspunktet undra seg over at det gjekk an å bu. Deira skaparkraft, deira grunnleggande tru på og forståing for verdien av kunst og åndelege verdiar har truleg vore den meir og mindre skjulte, men berande drivkrafta bak det heile i alle desse åra.

Kunstnarleg skaparkraft og kunnskapar om kunst kopla saman med dugnadsånd, pågangsmot, idealisme og menneskeleg varme har vist seg å vere ei urkraft som toler alt.

I gamle dagar var det å servere sjølvlaga og god mat eit uttrykk for kjærleik. Det er denne kjærleiken ein kan fornemme når ein nærmar seg klasserommet på den gamle skulen i Vevring og kjenner lukta av heimelaga brennsnut, rømmegraut og mjølkekaker. Vi føler at nokon har venta på oss. Vi føler oss velkomne.

Denne følelsen av omsorg og kjærleik kopla saman med dei åndelege verdiane og den sterke krafta som finst i kunstnarlege uttrykk tek i vare heilskapen i oss. Får oss til å føle oss som heile menneske.

Det er dette som gjer at ei kunstutstilling har ei magisk kraft som har trekt til seg mange av dei same, men også mange nye besøkande kvart år i 40 år Det er dette som er kunsten å gjere kunsten folkeleg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags