Lenge leve eldsjelene!

Frivillige frå Indre Sunnfjord Turlag gjer ein flott jobb under Førdefestivalen, mellom anna serverer dei frukt til publikum på konserten på Hafstadfjellet.

Frivillige frå Indre Sunnfjord Turlag gjer ein flott jobb under Førdefestivalen, mellom anna serverer dei frukt til publikum på konserten på Hafstadfjellet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDu har sikkert lagt merke til at det no ligg brosjyrar for Førdefestivalen over alt i Førde. Dei kjem ikkje av seg sjølve eller med brevduer. Det er Sidsel og Jonny som kvart einaste år trufast går rundt til butikkar, kontor, hotell og andre stader der folk ferdast og legg ut brosjyrar. Det vert ikkje Førdefestival utan Sidsel og Jonny!

Før, under og etter festivaldagane 3.–7. juli jobbar om lag 350 menneske frivillig for å skape ramma rundt den unike musikkopplevinga Førdefestivalen er kjent for i inn- og utland.

Frivilligkorpset til Førdefestivalen er unikt. Statistisk sentralbyrå (SSB) reknar at det i kulturområdet jobbar i overkant av 8 frivillige personar per tilsett (kjelde: Frivillighet Norge). Førdefestivalen med 8 tilsette kan glede seg over

Per Idar Almås

Per Idar Almås Foto:

meir enn 40 frivillige per medarbeidar! Vi lener oss tungt på dei frivillige kjernetroppane som yter år etter år, og vi er heldige å ha godt tilsig av nye eldsjeler.

Dei frivillige i Førdefestivalen er om lag halvparten menn og halvparten kvinner. Dei fleste kjem frå Sunnfjord. Dei er mellom 6 og 76 år. Breidda i bakgrunn er alt frå barneskuleelev til folk med doktorgrad. Dei jobbar til dagleg i bar, med rekneskap, med dans, i butikk, med blogging og mykje anna. Dei frivillige er altså eit representativt snitt av folket. Det er folk busett i Førde og omland, nokre har sine røter her og kjem attende for festivalen og nokre kjem heile vegen frå Bergen, Storbritannia, Ungarn og Malawi.

Vi veit ikkje alt om motivasjonen til den einskilde, men vi veit at frivillig innsats er ein hjørnestein for å utvikle norsk kultur og samfunnsliv, og at frivillig arbeid har lange tradisjonar i heile landet og særleg på Vestlandet (kjelde SSB). Frivilligarbeid speler ei viktig rolle i å utvikle levande lokalsamfunn der folk har lyst til å virke og bu.

Dei som tek oppgåver for Førdefestivalen får stort ansvar og vert til gjengjeld vist stor tillit. Med tilliten følger det også gjensidige forventningar om at ansvaret blir følgt opp. Førdefestivalen skal drivast godt, verksemda skal vere transparent og ha høg etisk standard. Gjennom 30 år med festival har vi rekruttert dei beste frivillige du kan ønskje deg! Dei stiller opp langt utover det ein kan forvente og alle oppgåver blir løyste. I tillegg til å halde hjula i gong gjennom å rigge arenaer, selje billettar, servere mat og gjere tallause andre oppgåver, er den frivillige ein lyttepost til samfunnet rundt oss om at ting er på stell her på festivalen. Han eller ho er ei vaktbikkje som observerer kva som skjer internt i organisasjonen og varslar om det er ting å kritisere i måten vi driv butikken på.

Det er mange store og små oppgåver som skal løysast i ein organisasjon som Førdefestivalen og det finns noko som passar for alle. Det må vi fortelje folk. Når forskarar ser på kven og korleis frivillige vert rekrutterte, syner det seg at sosiale nettverk er svært viktige. Ifølge rapporten «Betingelser for frivillige innsats» vert heile 71 prosent av dei frivillige rekruttert gjennom å bli spurde eller fordi dei får høyre om moglegheitene gjennom ein kjenning. 79 prosent av dei som ikkje har vore frivillige dei siste 12 månadene fortel at dei heller ikkje har blitt spurde (kjelde: Frivillig.no). Dette er ei utfordring til oss som jobbar i festivalen om aktivt å bruke nettverket av dagens frivillige for å få tak i nye. Den jobben må vi ta! I tillegg vil vi oppmode kvar noverande frivillig om å hente inn ein ven!

Det kjem store strukturelle endringar i Førdefestivalen sitt nærområde dei neste åra. Vi er spente på å sjå effekten av at fire kommunar skal bli til ein og dei vinstane vi kan få på kulturfeltet i den nye Sunnfjord kommune. Førdefestivalen er det største kulturarrangementet i kommunen (og i fylket). Ambisjonen vår er at alle dei 22.000 som bur i den nye kommunen vil kjenne eigarskap til Førdefestivalen og at vi er eit naturleg nedslagsfelt for den frivillige innsatsen deira.

«I det nye Vestland fylke er Førdefestivalen og Festspillene i Bergen to tunge og viktige kulturaktørar. Og – vi er ikkje så ulike som ein kanskje trur; Førde er den berande festivalen for norsk og internasjonal folkemusikk, men i år kunne du òg i Bergen høyre norsk folkemusikk, Balkan-musikk, og afrikansk tradisjonsmusikk. Begge festivalane treng eit stort korps av frivillige for å få gjennomført arrangementa sine. Førdefestivalen og Festspillene ser på moglegheitene for eit nærare samarbeid. Vi trur på gjensidig utveksling av gode tankar om framtida som kan vere med på å styrke begge festivalane, og med det, kultursektoren sin plass i Vestland fylke. Vi ser for oss nyttige synergiar gjennom erfaringsutveksling og inspirasjon for utvikling av mellom anna frivilligkorpsa vi begge heilt er avhengige av.

Frivilligheit har ein eigenverdi og frivillig aktivitet eit gode i seg sjølv. I frivillig arbeid møtast folk som har felles interesser, livssyn eller som brenn for same sak. På individnivå gjev vi folk ein arena for oppleving, inkludering og bygging av sosial kapital. Då får vi slike tilbakemeldingar; «I fjor hadde jeg mitt livs beste festivalopplevelse da jeg arbeidet som frivillig på Førdefestivalen. Det var ein ukes fest, stappfull av minneverdige folk og konserter som jeg ofte tenker på i dag. Dette er genialt, for det er slik at jo mer du arbeider, jo morsommere er det, jo flere folk møter du, jo bedre føles det å dra på konsert etterpå.» Å vere frivillig gjev «cred».

For samfunnet yter frivillige kvart år opp mot 150.000 ulønna årsverk på landsbasis (kjelde SSB). Frivilligarbeid styrkjer fellesskapet i eit nærmiljø og tilfører i tillegg varme, liv og røre – og betre folkehelse.

Det er altså god grunn til å gjenta; lenge leve eldsjelene i det frivillige arbeidet!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags