Gje oss festivalopptoget tilbake

LIV OG RØRE: Førdefestivalen er noko som vi har sett fram til i alle år. Då var det nokre dagar med liv og røre. Men den store dagen var laurdagen med opptoget, skriv artikkelforfattaren.

LIV OG RØRE: Førdefestivalen er noko som vi har sett fram til i alle år. Då var det nokre dagar med liv og røre. Men den store dagen var laurdagen med opptoget, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg ser i Firda at mellom 800 festivalar er Førdefestivalen kåra til ein av dei fem beste. Det er vel ikkje årets festival, men dei mange tidlegare festivalane som er grunnlaget for denne prisen.

6. juli (festivallaurdagen) var eg på COOP MEGA for å handle litt, og for å sjå på folkelivet i år når det ikkje lenger skulle vere opptog. Men her var det ikkje mykje liv, det var den store stilla som rådde. Ca. kl. 10.00 sto eg i lyskrysset og såg meg rundt. Men det var ikkje eit liv å sjå. Det var nesten skremmande. Det einaste teiknet på at det var ein festival i Førde var flaggstengene med slappe flagg.

Det viser seg at det er mange som saknar dette opptoget, mens andre meiner det er gått ut på dato. Det er klart at dersom artistane føler seg som apekattar i eit slikt tog må dei få sleppe å delta. Men eg tvilar på at det er så mange. Dei som deltar får god anledning til å promotere både seg sjølv og kunsten sin. Dei reklamerer samstundes for heimlandet sitt, dei kjem ofte frå land langt borte.

Opptog er ikkje uvanleg i samband med festivalar. Det er ikkje opptog med Balejazz i Balestrand. Men andre jazzfestivalar har opptog, til dømes i Molde som har sin Moldejazz. Her eit år såg eg at Kjell Magne Bondevik fronta opptoget i Molde. Bondevik har vore stortingsrepresentant, kyrkjeminister, utanriksminister og statsminister. Han er også prest. Når han kan delta i eit opptog bør også ein musikar frå Mongolia kunne delta, sjølv om musikaren er «sjukt god».

Førdefestivalen er noko som vi har sett fram til i alle år. Då var det nokre dagar med liv og røre. Men den store dagen var laurdagen med opptoget. Då kom foreldre og besteforeldre med barn og barnebarn for å sjå på toget. Bebuarar på Helsetunet, eldre og andre som hadde vanskeleg for å komme seg ut, dei kunne ved hjelp få både sett og høyrt artistane. Dette må vere viktig i samband med ein folkemusikkfestival. Folkemusikk er musikk av folket til folket. Når toget gjekk var det verkeleg festivalstemning.

Eg vil svært gjerne ha Førdefestivalen tilbake slik den var tidlegare. Eg vil ha tilbake toget med hestar og kjerrer og gamle bilar, artistar i nasjonaldrakter, og ikkje minst, dei flotte kvinnene i fargerike klede og vakre hovudplagg.

Eg går ut ifrå at det er «Førde Internasjonale Folkemusikkfestival» som er det rette namnet på festivalen. Dette burde då ha vore med på første side i den fine programkatalogen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags